Bilete, figurar, tabellar og kart
Omtale av bilete/figurar/tabellar (ikkje bruk eller reproduksjon)
Om du berre omtalar eller tolkar bilete, figurar og tabellar utan å sette dei inn teksten, gjeld vanlege reglar for sitering.
Bilete frå bok: Eksempel
Omtale i teksten:
… måleriet «Det syke barn» av Edvard Munch (Lande, 1998, s. 20).
Før opp boka i litteraturlista:
Lande, M. (1998). Munch for barn. ScandMedia.
I Zotero og EndNote:
Sjå eksempelsamlinga under Bok.
Bilete frå internett: Eksempel
Omtale i teksten:
Dette ser vi tydeleg i eit fotografi av skodespelaren Marilyn Monroe (Henriques, 1958) …
Eit eksempel på dette er måleriet «Det syke barn» (Munch, 1885–86).
Før opp biletet i litteraturlista:
Henriques, B. (1958). American actress Marilyn Monroe at home [Fotografi]. Magnum Photos. https://www.magnumphotos.com/arts-culture/fashion/housecoats-bathrobes-dressing-gowns-rosalind-jana-fashion-archive-style/
Munch, E. (1885–86). Det syke barn [Måleri]. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo, Noreg. http://samling.nasjonalmuseet.no/no
Mal:
Kunstnar. (år). Tittel på kunstverk [Måleri]. Namn på museum, Stad, Land. https://xxxxx
Fotograf. (år). Tittel på kunstverk [Fotografi]. Utgivar. https://xxxxx
I Zotero:
Legg inn som Kunstverk.
Fyll ut felta Tittel, Artist, Medium, Dato, Arkiv, URL
Merk deg: For å få med opplysningar om stad og land når du viser til museum, må du skrive inn informasjonen i Arkiv-feltet, etter namnet på arkivet (museet).
I EndNote:
Legg inn som Artwork
Fyll ut felta Artist, Year, Title, evt. Place published (når du viser til museum), Publisher, Description (dersom verket manglar tittel), Type of work, URL
Korleis er reglane for å reprodusere/bruke bilete, figurar og tabellar i ei opppgåve?
Bilete, figurar og tabellar er verk som er verna av åndsverkloven . Du må alltid vurdere både sitatrett, opphavsrett og personvern, i tillegg til å tenkje grundig gjennom kor viktig det er å bruke dei i teksten. Kanskje er det ikkje nøvdvendig? Meir utførleg informasjon om dette finn du i Kildekompasset.
I åndsverkloven § 37 står det at «Offentliggjort kunstverk og offentliggjort fotografisk verk kan gjengis i tilslutning til teksten i kritisk eller vitenskapelig fremstilling som ikke er av allmennopplysende karakter, når det skjer i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger.» Dette er den såkalla fribruksregelen for fotografi, og gjeld for deg som skriv oppgåver eller vitskaplege tekstar. Andre figurar og illustrasjonar er dekka under den allminnelege sitatretten i åndsverksloven § 29: «Det er tillatt å sitere fra et offentliggjort verk i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger.»
Dette tyder at du ikkje treng å spørje forlaget eller opphavspersonen som har skapt biletet, figuren eller tabellen, dersom du brukar det som ein del av oppgåva di og ikkje har som mål å få økonomisk utbytte. Du kan sette inn heile biletet, figuren eller tabellen, du kan sette inn eit utsnitt, eller du kan omarbeide. Då må du sette inn ein forklarande tekst og informasjon om opphavsrett under biletet, figuren eller tabellen. Du må også føre kjelda i litteraturlista. Informasjon om korleis dette skal gjerast finn du under «Reproduksjon/bruk av bilete, figurar og tabellar i ein tekst».
Reproduksjon/bruk av bilete, figurar og tabellar i ein tekst
Du kan sette inn heile biletet/figuren/tabellen i teksten. Alternativt kan du bruke eit utsnitt eller omarbeide figuren/tabellen.
Informasjon i teksten
Bilete, figurar og tabellar som blir sett inn i teksten som illustrasjon, skal vere merka med Figur 1, Figur 2, osv. og tittel som du evt. kan lage sjølv. I tillegg skal det vere med ei beskriving av figuren og opplysningar om opphavsrett. All informasjonen kan plasserast under figuren.
Kjelda i litteraturlista
Bilete, figurar og tabellar får innførsel i litteraturlista utifrå kva type kjelde dei står i: Bok, tidsskriftartikkel, kapittel i bok med redaktør, nettside, osv.
Bilete som er henta frå internett (galleri, fotosamling, biletdelingsteneste, osv.), settast opp etter følgande mal:
Kunstnar. (år). Tittel på kunstverk [Måleri]. Namn på museum, Stad, Land. https://xxxxx
Fotograf. (år). Tittel på kunstverk [Fotografi]. Utgivar. https://xxxxx
Kjelda i Zotero og EndNote
Sjå den aktuelle kjeldetypa (bok, tidsskriftartikkel, kapittel i bok med redaktør, nettside, osv.).
Bilete henta frå internett (galleri, fotosamling, biletdelingsteneste, osv.):
Zotero:
Leggast inn som Kunstverk.
Fyll ut felta Tittel, Artist, Medium, Dato, Arkiv, URL
Merk deg: For å få med opplysningar om stad og land når du viser til museum, må du skrive inn informasjonen i Arkiv-feltet, etter namnet på arkivet (museet).
EndNote:
Leggast inn som Artwork
Fyll ut felta Artist, Year, Title, evt. Place published (når du viser til museum), Publisher, Description (om verket manglar tittel), Type of work, URL
Eksempel etter kjeldetype
FIGUR FRÅ BOK
Informasjon under figuren i teksten:
Figur 1. Relativ nettoinnflytting i kommunene. Frå Hvorfor vokser steder? Og hvordan kan utviklingen påvirkes? (s. 42), av K. Vareide, 2018, Cappelen Damm Akademisk (https://doi.org/10.23865/noasp.32). CC BY 4.0.
Boka i litteraturlista:
Vareide, K. (2018). Hvorfor vokser steder? Og hvordan kan utviklingen påvirkes? Cappelen Damm Akademisk. https://doi.org/10.23865/noasp.32
FIGUR FRÅ BOKKAPITTEL I REDIGERT BOK
Informasjon under figuren i teksten:
Figur 2. Organiseringsprosessen. Frå «Hvorfor er samarbeid så vanskelig? Tverretatlig samarbeid i et organisasjonsteoretisk perspektiv,» av D. I. Jacobsen, i P. Repstad (Red.), Dugnadsånd og forsvarsverker: Tverretatlig samarbeid i teori og praksis (s. 77), 2004, Universitetsforlaget. Copyright 2004 ved Universitetsforlaget.
Bokkapittelet i litteraturlista:
Jacobsen, D. I. (2004). Hvorfor er samarbeid så vanskelig? Tverretatlig samarbeid i et organisasjonsteoretisk perspektiv. I P. Repstad (Red.), Dugnadsånd og forsvarsverker: Tverretatlig samarbeid i teori og praksis (2. utg., s. 75–113). Universitetsforlaget.
FIGUR FRÅ TIDSSKRIFTARTIKKEL
Informasjon under figuren i teksten:
Figur 3. Mislykka behandling. Frå «Unsuccessful treatments of “writer’s block”: A meta-analysis,» av D. C. McLean og B. R. Thomas, 2014, Psychological Reports, 115, s. 277 (https://doi.org/10.2466/28.PR0.115c12z0). Copyright 2014 ved Sage Publications.
Tidsskriftartikkelen i litteraturlista:
McLean, D. C. & Thomas, B. R. (2014). Unsuccessful treatments of “writer’s block”: A meta-analysis. Psychological Reports, 115(1), 276–278. https://doi.org/10.2466/28.PR0.115c12z0
FOTOGRAFI FRÅ INTERNETT
Informasjon under fotografiet i teksten:
Figur 4. Lava. Frå Lava [Fotografi], av Denali National Park and Preserve, 2013, Flickr (https://www.flickr.com/photos/denalinps/8639280606/). CC BY 2.0.
Fotografiet i litteraturlista:
Denali National Park and Preserve. (2013). Lava [Fotografi]. Flickr. https://www.flickr.com/photos/denalinps/8639280606/
FIGUR FRÅ NETTSIDE
Informasjon under figuren i teksten:
Figur 5. Tabell over utslipp til luft i Norge. Frå Statistikk om utslipp til luft, av Statistisk sentralbyrå, 2025 (https://www.ssb.no/natur-og-miljo/forurensning-og-klima/statistikk/utslipp-til-luft). CC BY 4.0.
Nettsida i litteraturlista:
Statistisk sentralbyrå. (2025, 4. November). Statistikk om utslipp til luft. https://www.ssb.no/natur-og-miljo/forurensning-og-klima/statistikk/utslipp-til-luft
Eksempel på omarbeiding/utsnitt av figur
OMARBEIDING AV FIGUR HENTA FRÅ BOK MED FORFATTAR
I teksten:
Figur 6. Omarbeidd frå Spiralprinsippet. Frå Elevens verden: Innføring i pedagogisk psykologi (s. 179), av G. Imsen, 2020, Universitetsforlaget. Copyright 2020 ved Universitetsforlaget.
I litteraturlista:
Imsen, G. (2020). Elevens verden: Innføring i pedagogisk psykologi (6. utg.). Universitetsforlaget.
UTSNITT AV FIGUR HENTA FRÅ BOKKAPITTEL I REDIGERT BOK:
I teksten:
Figur 7. Utsnitt frå «Patologisk-anatomiske undersøkelser,» av B. I. Bertelsen, i O. Stokke og T.-A. Hagve (Red.), Undersøkelser ved sykdom (s. 80), 2010, Gyldendal akademisk. Copyright 2010 ved Gyldendal akademisk.
I litteraturlista:
Bertelsen, B. I. (2010). Patologisk-anatomiske undersøkelser. I O. Stokke & T.-A. Hagve (Red.), Undersøkelser ved sykdom (s. 76–86). Gyldendal akademisk.
Bilete du har teke sjølv
Ta med beskriving, stad og dato.
Eksempel:
Figur 1. Utsikt frå Rotsethornet [Eige fotografi], Volda 5. oktober 2025.
Ingen innførsel i litteraturlista
Kart
INFORMASJON UNDER KARTET I TEKSTEN
Figur 1. Utsnitt frå Volda sentrum. Frå Norgeskart, u. å., Kartverket (https://www.norgeskart.no). CC BY 4.0.
KJELDA I LITTERATURLISTA
I dette tilfellet er kartet henta frå ei nettside, og det er nettsida som skal førast opp i litteraturlista.
Kartverket. (u. å). Norgeskart. Henta 25. november 2025 frå https://www.norgeskart.no
ZOTERO OG ENDNOTE
Følg oppsettet for den aktuelle kjeldetypen, i eksempelet ovanfor blir det nettside.
Bilete generert av kunstig intelligens
KJELDA I TEKSTEN:
(Rettshavar/Firma, år)
Eksempel
Note under biletet:
Biletet er generert av Copilot (Microsoft, 2025), med instruksane «ei gruppe barnehagebarn på tur i skogen, utforskande og nysgjerrige. Barna går på ein liten skogssti omgitt av tre, mose og sollys som filtrerer gjennom trekronene. Nokre barn peikar på små dyr og planter, medan andre held hender eller ser seg omkring. Stemninga er trygg, glad og naturleg. Realistisk, varm og naturnær stil.»
KJELDA I LITTERATURLISTA:
Rettshavar/Firma. (År). Tittel på mobilapp/programvare (Versjon) [Mobilapp/Programvare]. Utgivar. https:/xxxx
Merk deg: Utgivar skal ikkje førast opp dersom rettshavar/firma og utgivar er det same.
Eksempel:
Microsoft. (2025). Copilot (GPT-5) [Stor språkmodell]. https://copilot.microsoft.com
I ZOTERO:
Leggast inn som Programvare
Fyll ut felta Tittel, Programmerer, Versjon, System (her legg du inn type KI/verktøy), Selskap, URL
I ENDNOTE:
Leggast inn som Computer program
Fyll ut felta Programmer (dvs firmaet her), Year, Title, Publisher, Version, Type, URL.