Meirope bibliotek

Frå 1. november 2018 er biblioteket ved Høgskulen i Volda meirope. Det vil seie at studentar og tilsette kan bruke biblioteket også utanom bemanna opningstid. Studentkortet/tilsettkortet fungerer som nøkkelkort til kortlesaren ved hovudinngangsdøra til biblioteket i 1. etasje. Hugs å bruke pinkode i tillegg til kortet.

Opningstider med studentkort/tilsettkort:

Måndag-søndag 07:00-24:00

Bemanna bibliotek (rettleiing og hjelp):

Måndag-onsdag: 09:00-19:00

Torsdag: 10:00-19:00

Fredag: 09:00-16:00

Laurdag: 10:00-15:00

I meiropen opningstid kan du nytte lesesalar og grupperom, låne bøker og filmar på utlånsautomaten samt bruke pc-ar og skrivarar/kopimaskinar. Du kan også hente reserverte bøker på sjølvbetent hentehylle og levere bøker du har lånt i bokkassa.

Bøker bestilt frå andre bibliotek må hentast i bemanna opningstid.

Inngangsparti og delar av lokalet er kameraovervaka når personalet ikkje er til stades. Tjuveri og hærverk vert meldt til politiet.

Biblioteket er tilknytt vaktordning. Vaktselskapet går runde kvar kveld etter stengetid.

 

Studentar i biblioteket