Aktiv student i Volda

Konsert på Rokken

Dei 4 000 studentane set sitt preg på studiebygda Volda med 8 000 innbyggjarar. Korte avstandar mellom campus, hybel, samlingspunkt, studentaktivitetar og natur gjer at du får meir ut av døgnet som student i Volda.

 

Studenthuset Rokken

Rokken kan fort bli din andre heim. Med ei nasjonalt anerkjend og populær konsertscene har Rokken etablert seg som ein fantastisk utestad der mange kjende artistar veit å lage god stemning.

På Rokken møter du studentar både framfor og bak disken. Drifta av studenthuset skjer i nært samarbeid med Studentsamfunnet i Volda og andre studentorganisasjonar. Alle som er interesserte i kulturarbeid, er velkomne til å delta i arbeidet med å halde huset aktivt, og det er eit ypparleg høve for nye studentar til å kome fort inn i eit triveleg og aktivt miljø.

På Rokken finn du cafe, pub og konsertarena. Konsertar, kviss, open mic og live sportssendingar står ofte på programmet. 

Aktive studentorganisasjonar

Amnesty Volda studentgruppe

Amnesty International er ein verdsomspennande organisasjon som arbeider for menneskerettar. Over mange år har organisasjonen vore med på å hindre tortur, stanse henrettelser og gi beskyttelse til aktivistar i fare. Vi i Volda Amnesty studentlag er ein gjeng aktivistar som ynskjer å bidra til dette arbeidet, mellom anna ved å ha underskriftskampanjar på Høgskulen.

Finn ut mer:
Facebook

Changemaker Volda studentgruppe

Changemaker Volda er ei lokalgruppe i Changemaker, Kirkens Nødhjelps ungdomsorganisasjon. Changemaker arbeider med utviklingspolitikk. 

Facebook

Doc Lounge

På Doc Lounge kan du krype opp i sofaen og lene deg tilbake med noko godt i glaset, samtidig som du får servert dokumentarfilm i verdsklasse. Det skal vere inspirerande kveldar basert på gode dokumentarar, med tilskot av musikk, foredrag, forestillingar eller utstillingar.

Dokumentarfilm er best saman med andre – også utanfor kinosalen.

Nettside // Facebook

Dokfilm

Dokfilm er den største og eldste festivalen for norske dokumentarfilm i Noreg. Festivalen er drive av studentar frå Høgskulen i Volda med særs god hjelp frå 200 frivillige! Dokfilm 2015 var den nittande utgåva av Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. 70 filmar vart synt fram, med fokus på norsk dokumentar, men også med studentfilm og utanlandsk film på programmet. Under Dokfilm blir det også arrangert ulike seminar, aktivitetar og høglytte festar. Studentar, bransje og filminteresserte samla seg på festivalområdet i sentrum av Volda for å sjå film og kose seg i sola. Dokfilm er ein filmfest utan like! I sjarmerande Volda, kringsett av dei vakre Sunnmørsalpane, er det ikkje rart av Dokfilm vart kalla Verdas trivelegste filmfestival!
 

FO-studentane

Studerar du barnevern eller sosionom? Meld deg inn i FO-studentane, fellesorganisasjonen for barnevernspedagogar, sosionomer, velferdsvitarar og vernepleiarar. Som medlem får du innboforsikring, medlemsbladet Fontene, sikra hjelp ved problem på arbeidsplassen uansett kvar du jobbar og gratis jobbsøkerkurs i tredje klasse.

Dersom du har lyst til å vere med å påvirke arbeidssituasjonen din som student, lære meir om organisasjonsarbeid, vere med på spanande kurs og konferansar trenger vi DEG i vårt lokallag her i Volda. Vi er ein trivelig gjeng frå ulike klassetrinn som er interessert i å bli kjent med deg.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

Høgskulekoret

Er du glad i å syngje, kan du vere med i Høgskulekoret. Framføringar som «Juleoratoriet» av J.S. Bach og musikalen «Spelemann på taket» viser litt av spennvidda. Koret samarbeider ofte med Symfoniorkesteret og HVO Brass Band.

Finn ut meir:
Facebook

ISU - International Students Union Volda

ISU Volda is a local branch of ISU Norway. ISU is an independent, democratic, non-profit, non-partisan organisation run for and by international students. It has partnership agreement with the Norsk studentorganisasjon (NSO). ISU also has membership status with Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). 

Knaggen.no

Knaggen.no er ei samlingside for studentmedia i Volda: 

  • Studentradioen
  • Student-TV
  • Peikestokken studentavis

 Heimeside 

Natura Volda

Natura er studentorganisasjonen for dei som likar å vere ute i friluft. Vi arrangerar både turar og aktivitetar i den vakre naturen på Sunnmøre. Vårt mål er å nå fram til alle som er interessert i friluftsliv, uavhengig om ein er ei driven fjellgeit, eller ikkje har noko erfaring i det heile teke. Programmet vårt inneheld difor alt frå luftige toppturar, surfing, skiturar og bratt klatring til koseturar med bål og stormfulle netter ved kysten. Vi arrangerar også ei rekke sosiale aktivitetar, blant anna dei tradisjonsrike juleborda og 17. mai-feiringane på Standalhytta.

Håper å sjå deg på tur med oss!

Finn ut mer:
Heimeside // Facebook

Norsk journalistlag i Volda

Norsk Journalistlag (NJ) er norske journalistar si fagforeining. NJ Volda er studentklubben for alle Volda-studentar med intensjonar om å bli journalistar. Vi arrangerar pressepuber med kjende og interessante foredragshaldarar, debattar og journalistprisen Presseprisen. Vi inviterar også til journalistseminar med journalistar frå heile Møre og Romsdal. Eit medlemskap gir billigare eller gratis inngang til arrangementa, veiledning og juridisk bistand som student og når du skal ut i arbeid, medlemsbladet Journalisten i posten og rimelige studentforsikringer. Og kontingenten kan du attpåtil skrive av på skatten! Du kan også engasjere deg i styret! Styret består av ni stillinger som alle jobbar frivillig for å gjennomføre NJ Volda sitt arbeid.

Finn ut meir:
Facebook // Twitter

Norsk kommunikasjonsforening Volda

Norsk kommunikasjonsforening er eit fagleg fellesskap for deg som arbeider eller utdanner deg innan kommunikasjon. Foreningen samlar over 4000 kommunikatørar frå heile Noreg innan privat og offentlig sektor. Hos Kommunikasjonsforeningens studentlag i Volda vil du få oppdaterte nyheiter om kommunikasjonsrelaterte emner, seminar, foredrag og andre relevante ting.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram

Pangaia

Pangaia is the meeting point for international and Norwegian students at Volda University College. Here you can get to know new students from all over the world, relax with a free cup of coffee or tea, sign up for various activities, and look for any kind of help you need. There is an International Club which arranges club nights and parties, giving students from the various countries a chance to present their homeland and culture both to Norwegians and fellow exchange students. Join us!

Pedagogstudentane (PS)

Pedagogstudentene i Utdanningsforbundet er ein fagleg interesseorganisasjon for studentar knytta til læraryrket. Dette inkluderar barnehagelærar -, grunnskolelærar-, lektor-, yrkesfaglærar-, faglærar – og praktisk-pedagogisk utdanning, i tillegg til studier på universitet og høgskule med intensjonar om å arbeide i utdanningssystemet.
Vi er politisk uavhengig og jobbar for at nettopp DI utdanning skal bli betre og at dine rettigheiter som student blir godt ivaretatt. Pedagogstudentene har lokallag ved dei fleste utdanningsinstitusjonane, og har over 15 000 medlemmar.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // 

Peikestokken

Peikestokken seiast å vere Noregs flottaste studentavis, og ikkje utan grunn. Med dei fleste studieretningane ved Høgskulen i Volda representert i redaksjonen blir kvaliteten høg på alle nivå. I 2012 gjekk avisa gjennom ei stor designmessig forandring og i dag består Peikestokken av gode journalistiske tekstar akkompagnert med flotte bilete i ein nydelig layout. Alt trykkas på eit glanset papir som gir avisa det lille ekstra.

Studentavisa kjem ut tre gangar kvart semester og tek for seg kva som skjer på høgskulen og i studentmiljøet. Peikestokken arbeider etter Vær Varsom-plakatens reglar for god presseskikk og er ein journalistisk uavhengig redaksjon. Du treng ikkje ha journalistisk erfaring fra før av for å vere med i Peikestokken.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram

PRESS Volda

PRESS er Redd barna sin ungdomsorganisasjon. Press er partipolitisk og religiøst uavhengig, og består av ungdom mellom 13 og 25 år.

PR-studentane

PR-Studentane er ein frivillig organisasjon som tilbyr alle studentar i Volda (uansett linje) å delta i forskjellig medie- og kommunikasjonarbeid. Vi tar på oss forskjellige oppdrag som inneberar alt frå PR-arbeid til designjobb, skriving, fotografering og filmproduksjon! Er dette noko du kan eller ønskjer å lære, så kan du bli med i PR-Studentane. Døme på oppdrag vi tek er brosyjrer som kjem på trykk, nettsider bedrifter tek i bruk, strategiplanar og mykje meir. Etter du har delteke i eit prosjekt får du sjølvsagt attest for arbeidet.
Sjekk oss ut på Facebook og Twitter!

Finn ut meir:
Facebook // Twitter 

RE:ACT Volda

Engasjert? Er du keen på å gjere verden til ein litt betre plass for fleire? Lyst til å bidra til at vi får ein rettferdig og bærekraftig verden fri for fattigdom?

RE:ACT er Strømmestiftelsen sin ungdomsorganisasjon. Vi ynskjer å knyte kontakt og minske avstanden mellom menneske på tvers av kulturar og landegrenser, og sosiale og økonomiske føresetnadar. I Volda arrangerer vi blant anna leksehjelp/symjetrening for ungane på asylmottaket,  strikkeklubb for damene, aktiviteter for flyktningar, byttemarknad, holdningsskapande arbeid om Fairtrade/Nord-Sør/Forbruk osv.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

Student-KRIK Volda

Student-KRIK Volda er eit lokallag for KRIK, eller Kristen Idrettskontakt. Vi i Student-KRIK Volda har treninger kvar fredag i Idrettsbygget fredagskveldar kl 19.30 til 21.30. Desse treningane inneheld morosame oppvarmingsaktivitetar, og litt forskjellige lagspel, og ein pause med ei andakt. Annankvar veke har vi også hybelkveld i samarbeid med VOKS. Det vil seie at nokon studentar opner hybelen sin også spanderar vi kveldsmat. Kvart år arrangerar vi også turar, slik som skitur til Strandafjellet og surfetur til Stad.

Student-KRIK Volda har som mål å kombinere idrettsglede, livsglede og trusglede slik at studentar i Volda kan ha ein trygg og morosam stad å bli kjend med, eller komme nærare Gud. Student-KRIK Volda er eit opent studentlag, der absolutt alle er hjerteleg velkomne om dei allereie er kjend med Gud, berre er nysgjerrig eller berre vil ha en treningsøkt.

Velkomen skal du ver, håper vi sjåast!

Finn ut meir:
Facebook

Studentmållaget i Volda

Studentmållaget i Volda er eit studentlag i Noregs Målungdom.  

Finn ut meir:

Facebook

Studentsamfunnet i Volda (Rokken)

Studentsamfunnet i Volda vart stifta i 1978 og har i dag det overordna ansvaret for å skaffe frivillige til Studenthuset Rokken. Studentsamfunnet samarbeider tett med leiargruppa på Rokken og driftar huset på kveldstid. Rokken og Studentsamfunnet treng nye frivillige som kan stå i bar, jobbe som teknisk eller crew, vere vakt eller del av PR-gruppa.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda

Kva seier du til å vere med i landets einaste symfoniorkester som er knytt til ein høgskule? Repertoaret er allsidig, alt frå populærmusikk til symfoniske og kyrkjemusikalske verk. Symfoniorkesteret har som tradisjon å halde årlege konsertar med profesjonelle solistar, mellom anna med Griegs A-moll-konsert. I samarbeid med Høgskulekoret har mellom anna Händels ”Messias” og ”Elias” av Mendelssohn blitt framførte. Spelar du strykeinstrument, treblås, messing eller slagverk? Du er velkomen til å bli med.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

VOKS

VOKS står for Volda Kristelege Studentlag, som går under den internasjonale organisasjonen Laget. I praksis er studentlaget eit samlingspunkt for studentar som søker ein kristen møtestad i Volda. VOKS ønsker å vere synleg i studentmiljøet og vere ein arena for å dele livet, tru og tvil. VOKS ønskjer å vere eit godt fellesskap der alle kan kjenne at dei er velkomne. Settingen er variert og det er stort sett noko som skjer kvar torsdag. Annankvar torsdag arrangerar vi ulike sosiale aktivitetar, medan dei andre torsdagene har vi møter som inneber både input og sosialt felleskap. Studentlaget ber preg av til- og fråflyttande studentar, noko som gjer Volda kristelege studentlag både dynamisk og variert. VOKS er til for studentane, og det er studentane som utgjer VOKS.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook

Volda studentidrettslag (VSI)

Volda Studentidrettslag tilbyr aktivitetar som symjing, fotball, handball, volleyball og innebandy. VSI har treningar frå mandag til fredag kvar veke og er ei fin moglegheit til å vere sosial og bli kjend med andre studentar. Medlemsskap kostar 300 kroner per semester.

Finn ut meir:

Heimeside // Facebook

Volda studentradio

Har du nokon gong irritert deg over det som blir sendt på radioen? Sittet i bilen og søkt fram kanal etter kanal etter noko spanande å høyre på? Får du ofte høyre at du snakkar hol i hovudet på folk? I Volda Studentradio lager vi radio DU har lyst til å høyre. Bli programleiar for ditt nye favorittprogram. Lær deg radioteknikk. Underhald verda med dine eigne tankar, kjensler og idear. Studentradioen er di leikegrind! Morosamt, aktuelt, lærerikt, oppfriskande, befriande? Spelar inga trille! Ta med deg radiostemma di på eit av møta våre, eller send eit e-brev til studentradioen@gmail.com. Bli med på moroa!

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter

Volda student-TV

Student-TV i Volda blei offisielt stifta 18. november 2008. Bak initiativet låg ein draum; ein draum om å produsere fjernsyn. Av og for studentar, lokalisert i den vakre bygdebyen i ly av Rotsethornet. Det lukkast vi med 1. april 2009, da vi hadde premieresending. Nettstaden er organisasjonens eminente fjernsynskanal, med sendingar til ujamne tider og stor glede. Der kan ein mellom anna oppleve aktuelle reportasjar frå det som hendar i Volda, TV-seriar med snert og spenstige konsept, kortfilmar, musikkvideoar og anna sprell, moro og sjøsprøyt.

Vi kallar oss sjølv Noregs største nynorske student-TV, og det er vi jo også.  Alt på nettstaden er sjølvsagt skreve på nynorsk. Ivar Aasen hadde vore stolt. Produksjonane du ser her er laga av studentane og for studentane i Volda, men alle andre er sjølvsagt velkommne til å sjå på snuttane våre.

Nye medlemar blir spesielt godt mottatt. Vi treng engasjerte studentar til grafikk og musikk, skodespel og manus, nynorsk rettskriving og generel stemningsspreiing. Vi holder til på Paviljong C, lokalisert bak Strøm- og Aasen-bygget. Der har vi våre to kontorer, utstyret, og et stort fellesrom hvor alle våre møter blir holdt.

Finn ut meir:
Heimeside // Facebook // Twitter // Instagram