Trådlaust nett

Trådlaust nett for studentar og tilsette

Det trådlause nettet ved HVO heiter Eduroam.

Du koplar deg til med ditt brukarnamn@stud.hivolda.no
Brukarnamnet er det same som epostadressa di ved HVO, t.d. nordmannkari@stud.hivolda.no.

Du kan også kolple deg til ved å bruke feidenamnet ditt, t.d. nordmannkari - altså utan å ta med @stud.hivolda.no.
Ver då merksam at du ikkje får kolpa til Eduroam på flyplassar eller hja andre høgskular/universitet.

Trådlaust nett for gjestar

Det trådlause nettet for gjestar heiter HIVOLDA_guest.
Ein koplar til ved mobilnummer og mottek passord på sms.
Gjestar som kjem frå institusjonar i inn- og utland som har Eduroam, skal kunne kople Eduroam ved HVO.

Kva er Eduroam ?

Namnet er ei forkorting for "Education Roaming". og er eit verdsomspennande samarbeid mellom mange undervisnings- og forskingsinstitusjonar. Dette medfører at du får bruke det trådlause nettet hjå andre høgskular og universitet i utlandet.

Eduroam på norske flyplassar

Studentar og tilsette kan kople seg til Eduroam på alle norske flyplassar. Tjenesta vert levert av Uninett i samarbeid med Avinor.

Info for oppsett av pc/mac/telefon/nettbrett

SSID: eduroam
Nettverksgodkjenning: WPA2/WPA
Kryptering: AES/TKIP
EAP-type: PEAP
Fase 2 godkjenning : MSCHAPV2
Brukarnamn: brukarnamn@stud.hivolda.no (studentar)
                             brukarnamn@hivolda.no (tilsette)

Automatisk tilkopling for Eduroam

Eduroam Configuration Assistant Tool


Brukarrettleiing for tilkopling
Windows 10
Mac
Android
Iphone / Ipad