Webinar: The Gamers' Skills and Competence, and the futures need for Gamers

Verden med videospel er stor, og fleire og fleire menneskjer finner vegen til forskjellege konsollar. Med rundt 2,4 milliardar spelarar som spelar, mange av dei  barn og unge vaksne, vil det påverke korleis framtida blir og korleis vi kommuniserer og utviklar oss.

Gaming to real life

I dette webinaret vil vi først bli kjent med forskinga til psykolog Dr. Scott Rigby som har studert kva som motiverer oss til å spele videospel i mange timar? Der vil han ta for seg meistringskjensla og det med augneblikkeleg attendemelding på oppgåver som blir utført. Vidare vil Professor Matthew Barr fra Glasgow University snakke om si forsking om kva slags ferdigheiter og kompetanse du utviklar deg mens ein spelar og korleis det kan overførast til jobb og kvardag. Til slutt vil Liselotte Lyngsø snakke om framtidsferdigheiter og kva slags ferdigheiter som vil være viktige for framtida og korleis gaming kan bidra til å kanskje løyse store verdskriser. For å høre fra dei spelar mykje, har vi med profesjonelle spelarar frå dei beste eSport laga i Norge:  Anders “aNdz” Kjær og Magnus «Hyper» Kristiansen fra Apeks. Arkan “NotoriousArko” Resul og “Lotta” Marie Klonteig fra 777, og Omid “Touch” Rosander fra Nordavind. De vil gi oss sine tankar og erfaringar frå tematikken i webinaret. 

Webinaret blir arrangert av Seanse – senter for kunstproduksjon. Seanse arbeidar for at alle barn og unge skal kunne oppleve og trykke seg gjennom kunst. Seanse arrangerer kunstnaropphald, seminar, kunstverkstadar, konferansar og webinar. Dei er lokalisert på Høgskulen i Volda og finansiert av Kunnskapsdepartementet, Kulturdepartementet via Norsk kulturråd, Møre og Romsdal Fylke og Høgskulen i Volda.

Webinaret er gratis mot registrering og startar kl. 12:00 torsdag 26. august. Alt vil være på engelsk. Link til webinaret blir sendt ut dagen før. For meir info om program og registreringa gå til vår heimeside
 

 

Del på: