Vurderer du kulturfag til hausten? Velkomen til digitalt ope hus!

Banner AKF
Her kan du registrere deg
2024-03-07T18:00:00 - 2024-03-07T22:30:00

Har du lyst til å studere teater og drama, musikk, friluftsliv og naturguide, idrett og kroppsøving, eller kanskje design, kunst og handverk til hausten? 

Er du usikker, men har lyst til å bli betre kjend med oss? Velkomen til digitalt ope hus på avdeling for kulturfag!

Vi sender live frå YouTube og du er velkomen inn!

Du får møte studentar og lærarar som vil fortelje om studiekvardagen og livet som student ved Høgskulen i Volda, og du kan alt no stille spørsmål som dei svarar på under sendinga. Du vil også få eit innblikk i Volda som studiebygd!

Eit nytt fagområde blir presentert kvar heile time, og du kan også stille spørsmål under sendinga: 

  • Kl 18.00: Friluftsliv og naturguide
  • Kl 19.00: Design, kunst og handverk
  • Kl 20.00: Teater og drama
  • Kl 21.00: Musikk
  • Kl 22.00: Idrett og kroppsøving

Tips venene dine, foreldra dine, eller nokon andre som også bør delta på ope hus! 

Vel møtt!

Del på