Voldadagen 2022
Voldasamfunnet utgjer eit stort mangfald menneske som jobbar, bur eller studerer her.

Vi engasjerer oss i lag og organisasjonar på fritida, eller er på anna vis aktive innbyggjarar. I sum er det alle menneska som held Voldasamfunnet i gang. Under Voldadagen 2022 vil næringslivet, lag og organisasjonar presentere seg i Volda Campus Sparebank 1 Arena.
Kafè og mat-sal. Gratis inngang for publikum. Hald av denne laurdagen! Volda Næringsforum og sponsor Sparebanken Møre ønsker velkomen!
Frå studentmiljøet er pr. no desse påmelde som utstillar :
Animation Volda
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
NJ Student Volda
Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda
Volda studentsamfunn
I tillegg melder arrangøren om over 70 andre utstillarar.