Plagiat
Hilde skriver her :)
Innleiing
Innleiing
Kva seier lova og forskrifta om fusk?
Sitat frå universitets- og høyskoleloven § 4-7 nr.1:
§ 4-7. Annullering av eksamen eller prøve
(1) Styret selv eller institusjonens klagenemnd, jf. § 5-1, kan annullere eksamen eller prøve eller godkjenning av kurs hvis kandidaten
a) (...)
b) har forsøkt å fuske eller forsettlig eller grovt uaktsomt har fusket ved avleggelsen av, eller forut for endelig sensur av, vedkommende eksamen eller prøve, eller under gjennomføringen av vedkommende kurs.
Fusk er ikkje definert i loven.
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 5-10.Fusk og forsøk på fusk.
(1) Lovlege hjelpemiddel og rett kjeldebruk er omtala i § 5-8 i denne forskrifta.
(2) Dersom det under eksamen med tilsyn oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studenten straks gjerast merksam på at det vil bli rapportert til studiedirektøren, og at saka vil bli undersøkt nærare. Det gjeld også ein student som yter hjelp til ein medstudent eller medstudentar. Studenten/-ane kan velje å halde fram eller avbryte eksamen. Studenten/-ane vil bli kalla inn til samtale.
(3) Dersom det i samband med eksamen utan tilsyn oppstår mistanke om fusk eller forsøk på fusk, skal studiedirektøren varslast og saka undersøkjast straks. Dette gjeld også for arbeidskrav og andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen. Studenten/-ane vil bli kalla inn til samtale.
(4) Kopiering, tekstnær parafrasering eller avskriving utan kjeldetilvising vert rekna som fusk.
(5) Dersom det viser seg at to eller fleire svar på ein eksamen klart byggjer på det same originalarbeidet, har same opphavsmann, felles disposisjon eller det tyder på anna utstrekt samarbeid, vert dette rekna som fusk for alle involverte. Dette gjeld også for arbeidskrav og andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen.
(6) Fusk, forsøk på fusk eller medverknad til fusk ved eksamen, arbeidskrav eller andre vilkår som er sette for å gå opp til eksamen, kan føre til reaksjonar, jf. UH-lova § 4-7 og § 4-8, 3. ledd.(7) Studiedirektøren er ansvarleg for sakshandsaminga i saker om fusk.(8) Klagenemnda ved Høgskulen i Volda avgjer saker om fusk.
Høgskulen i Volda har retningsliner for kjelder- og litteraturbruk
Informasjon – plikter for institusjonen og for studenten
Før eksamen skal studentane ha tilgang til informasjon om kva for hjelpemiddel som er tillatne brukt på eksamen. Studentane skal også få tilbod om opplæring og ha tilgang til informasjon om reglar for sitering og bruk av kjelder, samt andre forhold som har betydning for den enkelte eksamen.
Eksamensrelatert informasjon knytt til det enkelte emne si vurderingsform og gjennomføring skal også kunne lesast i emneplan.
I eksamens- og prøvesituasjonar er det høge aktsomheitskrav til studentane, og den enkelte student har plikt til å setje seg inn i gjeldande reglar som gjeld og den informasjon/instruksjon som vert gitt knytt til den enkelte eksamen. At studenten ikkje har gjort seg kjent med gjeldande regelverk og informasjon fritek ikkje for ansvar.
Høgskulen i Volda nyttar plagitatkontroll på arbeidskrav, eksamen, evalueringsnotat, praksisevaluering osv.. Individuelle eksamenssvar skal vere sjølvstendig.
Ouriginal plagiat kontroll
Plagiatkontrollen sjekkar følgjande fil-format: .doc, .docx, .xls, .xlsx, .sxw, .ppt, .pptx, .pdf, .pdf 2.0, .txt, .rtf, .html, .htm, .wps, .odt, .odp, .ods, .tif, .tiff, .ps, .hwp, .zip og .sider (4)
• Dersom studentane leverer dokument som .zip fil, så rår ein til at dokument vert kontrollert individuelt. Emneansvarleg/fagtilsett/sensor må i så fall laste opp det eller dei dokumenta ein ønskjer å få sjekka mot plagiat.
• Brukar institusjonen spam filter, så må du kanskje spesifisere domenet ouriginal.com and ouriginal.se som påliteleg nettstad. Ta ev kontakt med It-hjelp.
Korleis bruke plagiatkontrollen
Informasjonsida til Ouriginal med guide og opplæring
Ta deg tid til å sjå denne videoen om Ouriginal plagiat analyse (7,5 minutt)
Analyseoversikta kan deles inn i tre delar:
1. Det innsendte dokumentet
2. Funn i form av samsvarende tekst eller advarslar
3. Kjelder/innhaldet som er funn i analysa
Type kjelder det refererast til er: W = nettside, SA = studentarbeid J = Journal/arkiv. Sjå alle funn under fane «hele dokumentet». Få spesifikk informasjon om samsvarende tekst under «funn» og sjå detaljert informasjon om kjelder under "kilder". Sjå originalkjelda ved å klikke på ei av dei som er oppført i lista. I dokumenteigenskapar kan ein av og til kunne lese kven som er forfattar. Oftast vil ein kunne lese årstal, emnekode og kandidatnummer i det dokumentet som er plagiert. Kontakt studiekonsulenten for å få nærare opplysningar som kan finnast i FS.
Ein navigerer mellom funn, kjelder og hele dokumentet via fanene i overskrifta. Her finn du også litt rask informasjon om dokument, eksporter pdf og hjelp.
Inkluder/ekskluder funn
Inaktiver funn i analysen: Dersom du ser eit funn som irrelevant, kan/skal du utelukke dette funnet frå rapporten. Klikk på av/på-knappen og funnet vil verte endra/ekskludert i rapporten, dvs. det vil ikkje lenger påverke dokumentet sitt aggregerte samsvar.
Detaljert tekstforskjell
Dette viser dei nøyaktige forskjellene mellom innsendt tekst og matchende tekst, ved at det er framheva forskjellar i samsvarande tekst.
Fargane under den matchende teksta hjelper deg å skilje mellom tekst som er lagt til eller fjerna (rød) og tekst som er endra/erstatta (gul). Prosentandelen under "samsvarande tekst" syner likheit til det gjeldande funnet.
Advarsel inkluderer to kategoriar:
1. Mistenkeleg lange ord
2. Mistenkeleg bruk av tegn eller symbol
Dokumentasjon i sak der det er mistanke om fusk
Sjå retningsline:
Saksgang
Arkivplan
Kven gjer kva?