ARK - Arbeidsmiljø- og arbeidsklimaundersøkelse
Kva er ARK?
Arbeidsmiljø- og klimaundersøkinga (ARK) er eit heilskapleg opplegg for å undersøke arbeidsmiljø og arbeidsklima. ARK er utvikla av og for universitets- og høgskulesektoren og har eit teoretisk- og forskingsbasert fundament. Les meir.
Tre stegs prosess
Gjennomføringa av ARK er delt inn i tre steg:
- Spørjeundersøking
- Oppfølgingsmøte
- Iverksetjing og oppfølging av tiltak
Leiarar, verneombod, tillitsvalde og AMU oppmodar alle tilsette om å delta?
Spørjeunderøkinga omfattar alle tilsette som har arbeidd ved HVO i mist tre månader og som har 40 prosent stilling eller meir. Den omfattar også midlertidig tilsette og sjukmelde.
Gjennomføring av ARK er forankra i AMU, sjå sak 22-18
Kan nokon lese svaret mitt?
Undersøkinga er anonym og det ferdig utfylte spørjeskjemaet er ikkje tilgjengeleg for nokon ved HVO.
Har du spørsmål, ta kontakt med HMS-rådgjevar Solbjørg Leite
Aktuelt
5. november:
E-post med lenkje til spørjeskjemaet vert sendt alle tilsette
25. november:
Svarfrist
10-20. desember:
Resultat for ARK vert presentert i alle kontor og seksjonar
januar - mars:
Utarbeiding av tiltak i alle avdelingar og kontor