Utdanningsfagleg kompetanse

Fagmiljøa med ansvar for dei ulike studietilboda ved HVO må ha relevant utdanningsfagleg kompetanse, jf. Studietilsynsforskriften § 2-3. I Forskrift til universitets- og høyskoleloven, (§ 3-8, 2024) vert utdanningsfagleg kompetanse forklart som "pedagogisk eller didaktisk kompetanse for å fremme læring, blant annet kunnskap og ferdigheter innen utvikling og gjennomføring av undervisning og veiledning på universitets- og høyskolenivå". 

Av Universitets- og høyskoleforskriften (§ 3-8, 2024) går det fram at for stillingane førstelektor, dosent, førsteamanuensis og professor “skal det minimum kreves formell opplæring, kvalitetsutvikling i egen undervisning, veiledning og vesentlige bidrag til utvikling av utdanningskvalitet”. Høgskulen i Volda har utvikla eit studietilbod for vitskapeleg tilsette innanfor pedagogikk, didaktikk og rettleiing, som ei tilrettelegging for vitskapleg tilsette som vil utvikle utdanningsfagleg kompetanse innanfor dei fagområda som denne forskrifta skisserer.  

 

For studieåret 2024-2025 vert følgande emne tilbydde:

HPE 206 Rettleiing av mastergradsstudentar (søknadsfrist gått ut)

HPE 207 Pedagogisk basiskompetanse  (søknadsfrist gått ut)

HPE 208 Rettleiing på kvantitativ metode (ny søknadsfrist kjem)

HPE 209 Formidling i høgare utdanning  (søknadsfrist 1.11.2024)

Sjå meir informasjon nedanfor om innhald, arbeidsmåtar og datoar for samlingar for dei ulike emna.
 

Kontaktpersonar:

Randi Myklebust : Prodekan for utdanning ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Odd Helg Mjellem Tonheim : Rektor

Dei ulike emna som er utvikla ved Høgskulen i Volda:

Tilbod 2024 - 2025

HPE 206Rettleiing av mastergradsstudentar (Søknadsfrist gått ut)

VekeDatoar 
4613.-14.11.24Samling 1
29.01.25Samling 2
66.02.25Samling 3
 MarsEksamen

HPE 207: Pedagogisk basiskompetanse (Søknadsfrist gått ut)

VekeDatoar 
4429.10.24Samling 1
4721.-22.11.24Samling 2
530.-31.01.25Samling 3
104.-5.03.25Samling 4
1510.04.25Samling 5
 25.04.25Eksamen

HPE 208: Rettleiing på kvantitativ metode. Ny søknadsfrist kjem.

VekeDatoar 
4826.11.24Samling 1
315.01.25Samling 2
925.02.25Samling 3/studiedag for arbeidskrav 
 Dato kjemSamling 4
 Dato kjemEksamen

HPE 209Formidling i høgare utdanning. Søknadsfrist 1. november 2024.

VekeDatoar 
530.-31.01.25Samling 1: Praktisk undervisning
713.02.25Samling 2: Gjennomføring av arbeidskrav 1
105.-6.03.25Samling 3: Kommunikasjonsmodellar og undervisningsdramaturgi
1219.03.25Innlevering av arbeidskrav 2
1220.3.25Samling 4: Bruk av kamera og mikrofon/filming av undervisning
1327.03.25Innlevering av arbeidskrav 3
1510.-11.04.25Eksamen