Verdsdagen for psykisk helse: gratis suppe og ein god prat
Bli med å få ei god og varm haustsuppe og samtalar som styrkjer deg! Vi inviterer alle på høgskulen til ei markering av Verdsdagen for psykisk helse måndag 13. oktober i kantina i Berte Kanutte-huset frå kl. 11.00.

Kva gjer at du kjenner deg trygg? Kva gir håp og kven har vi å støtte oss på? Og kva kan vi gjere for bygge tillit, skape tilhørighet og fellesskap med dei rundt oss på Høgskulen og i nærmiljøet?
Vi inviterer til å sitte saman på bord og ha ein lunsjprat rundt kva vi har å møte usikkerheit og uro med. Psykisk beredskap handlar om å finne tryggleik i måten vi møter usikkerheita på. Målet er å hjelpe kvarandre med å bygga ein «psykologisk beredskapskasse» — ein indre verktøykasse for det som møter oss i livet.
Arrangementet er ein del av Verdsdagen for psykisk helse (tema 2025: Vi trenger å styrke vår psykiske beredskap).
Vi håpar mange vil vere med – både for eigen del og for å styrkje fellesskapet.
Velkomen skal du vere!