Vennskapskafé + Pearl Diver

vennskapskafe
2020-11-26T19:00:00 - 2020-11-26T21:00:00
Legg til i kalender

Vennskapskafé er eit uformelt frirom for refleksjon saman med andre rundt temaet vennskap.

Vi møtast over ein kopp kaffe/te og noko godt attåt, og samtalen skjer i mindre grupper. Vi startar med å sjå den prisbelønte kortfilmen Pearl Diver laga av animasjonsstudenten Margrethe Danielsen. Etterpå vil de få servert ein meny med spørsmål til refleksjon i gruppene rundt temaet vennskap. 

Samtalane skjer på ein respektfull måte i trygge omgjevnader, og hovudmålet er at det skal vere ein hyggeleg og fin opplevelse.  Ved å reflektere over vennskap kan vi bli meir medvetne om kor viktig det er i liva våre, og kanskje kan det til og med lære oss å bli betre vener? 

 

Vi tek smittevernreglane på alvor!

  • Hald deg heime om du er sjuk.
  • Hald minst ein meter avstand til kvarandre. 
  • Vask hendene godt og ofte eller bruk handsprit. 
  • Arrangement med fysisk oppmøte vil haldast innanfor reglement og retningslinjer. Det vil alltid være ein ansvarleg til stades og deltakarane sine personalia og telefonnummer vil bli registrert.  
     

Del på