Studentrepresentantval

I perioden 3. oktober til 11. oktober 2019 skal to student­representantar og to vara veljast inn i Høgskulestyret.

Studentrepresentant i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen.

Høgskulestyret sine oppgåver:

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Nominasjon og stemming

I peroden frå 20. august til 19. september kan studentar ved Høgskulen i Volda nominere seg sjølve eller andre studentar. 

I perioden 3. oktober til 11. oktober 2019 skal det veljast 2 faste studentrepresentanter, samt to vararepresentanter.
Du kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.
Valet går føre seg via SurveyXact og du finn ein link til skjemaet i studenteposten din, logg deg på her: e-post studentar

Viktige datoar for studentrepresentantvalet:

20. august – 19. september kl. 14.00: Nominasjonsperiode
23. september kl. 14.00: Svarfrist for de nominerte
25. september: Presentasjon av studentrepresentantane
25. september – 3. oktober: Valgkampperiode

3. oktober – 11. oktober kl. 14.00: Elektronisk val i SurveyXact