Val av studentrepresentantar perioden 2025-2026
I tidsrommet 29. september – 6. oktober 2025 blir det val av to studentrepresentantar og to vararepresentantar til Høgskulestyret.
Studentrepresentant i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen. Arbeidsspråket ved høgskulen er norsk.
Høgskulestyret sine oppgåver:
Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.
Nominasjon og stemming
I perioden frå 19. august til 19. september kl. 14.00 kan studentar ved Høgskulen i Volda nominere seg sjølve eller andre studentar. Sjå valreglementet § 14-5, 3. ledd om valbarheit.
Hugs å avtale på førehand med den eller dei studentane du vil nominere, slik at dei er einige i nominasjonen.
Husk at valdeltaking er viktig
I perioden 29. september–6. oktober 2025 skal det veljast to faste studentrepresentanter samt to vararepresentanter. Alle som stemmer blir automatisk med i en trekning av tre gavekort à kr 1 000,–
Du kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.
Viktige datoar for studentrepresentantvalet:
19. august–19. september, kl. 14.00: Nominasjonsperiode
22. september kl. 14.00: Svarfrist for dei nominerte
26. september: Presentasjon av studentrepresentantane på nettsidene til HVO
26.–29. september: Valkampperiode
29. september–6. oktober: Valperiode
Har du spørsmål om valet, kontakt Valstyret på e-post: valstyret@hivolda.no