Certificate of Internationalisation

Vil du dokumentere auka internasjonal kompetanse og samtidig ha det kjekt?
Då har vi utvikla ei perfekt ordning for deg!

Undersøkingar viser at studentar som har utveksla eller hatt praksis i utlandet får auka ferdigheiter innan kulturforståing, interkulturell kommunikasjon, fleksibilitet og toleranse. Dette er noko mange arbeidsgjevarar ser etter. Difor har Internasjonalt kontor utvikla Certificate of Internationalisation, eit diplom til studentar som har vist spesielt internasjonalt engasjement i studietida.

For å kunne få utmerkinga, må studenten kunne vise til forskjellige aktivitetar i løpet av studia. Les meir om kriterier for å få diplomet under.

Kriterier for å få Certificate of Internationalisation

Studenten må kunne dokumentere følgjande for å fylle krava til Certificate of Internationalisation:

1.    Fullføre utveksling (studie), praksis eller feltarbeid i utlandet i 4 veker eller meir, som ein integrert del av studieprogrammet ved HVO
Minimumslengde er 4 veker, men for dei fleste utvekslings- og praksis-opphald er varigheita lenger og då må heile opphaldet fullførast for å møte kravet.

2.    Ha vore fadder for internasjonale studentar ved HVO i eit semester eller meir
Ein melder seg som fadder for internasjonale studentar i Pangaia. Å vere fadder for internasjonale studentar krev aktivitet utover fadderveka i starten av semesteret.
Frist for å melde seg som fadder for vårsemesteret 2019 er måndag 17. desember.

3.    Ha presentert på stand under Internasjonal dag ved HVO
Internasjonal dag 2019 vert arrangert i BK-kantina onsdag 6. februar kl.11:00-14:30. Studentar som vil stå på stand må avklare dette med Internasjonalt kontor. 

Korleis får ein Certificate of Internationalisation?

Studentar må sjølv be om å verte vurdert for Certificate of Internationalisation. Studenten søkjer gjennom å sende ein e-post med naudsynt dokumentasjon til Internasjonalt kontor (utveksling@hivolda.no). Internasjonalt kontor vurderer om studenten fyller krava (sjå neste side) og utsteder diplomet til dei som stettar krava.

Merk: Certificate of Internationalisation står for seg sjølv og vil ikkje vise på vitnemål frå HVO då det ikkje er registrert i HVOs studentdatabase (Felles studentsystem – FS).

Kven kan få Certificate of Internationalisation?

Certificate of Internationalisation kan tildelast studentar på eit fleirårig studieprogram ved HVO (dvs. Bachelor- og Master-program). Internasjonale studentar ved HVO kan ikkje søkje om utmerkinga dersom dei ikkje har aktiv studierett på eit bachelor-, master- eller Ph.D.-program.

Når må ein utføre dei ulike aktivitetane for å få Certificate of Internationalisation?

Det er ikkje eit krav at alle aktivitetane er utført i same tidsrom eller i ei gitt rekkjefølgje, men utanlandsopphaldet (utveksling, praksis, feltarbeid) må vere ein integrert del av studiet ved HVO.


Aktivitetar eller utveksling som fann stad før studenten starta på HVO kan ikkje nyttast i denne samanheng.

Korleis kan ein dokumentere at ein har utført dei ulike aktivitetane?

For utvekslingsopphald og praksis i utlandet vil Internasjonalt kontor allereie ha naudsynt dokumentasjon. For andre aktivitetar må studenten legge ved dokumentasjon som t.d. attestar for verv eller stadfestingar. Dersom ein har spørsmål om dokumentasjon kan ein spørje om dette i søknaden til Internasjonalt kontor.

Kvifor har vi oppretta Certificate of Internationalisation?

Målet med Certificate of Internationalisation er å premiere studentar som er spesielt internasjonalt aktive og også oppmode fleire studentar til å delta i internasjonaliseringsaktivitetar. Ved utmerkinga håper vi at internasjonal aktivitet vert meir vektlagd og synleggjort ved HVO.