Utdanningsdagane 2020 (digitalt arrangement)

Høgskulen i Volda inviterer avgangselevar i vidaregåande opplæring og elevar ved folkehøgskular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane til Utdanningsdagane 2020.  På grunn av Corona-pandemien vert i år arrangementet digitalt organisert.

Målet med Utdanningsdagane er å gi elevane eit heilskapleg bilete av moglege utdannings- og yrkesvegar gjennom møte med dei som underviser/fagmiljø og studentar. Elevane vil få oppleve undervisningssituasjonar på lik line med det som høgskulen tilbyr sine eigne studentar.
 
Påmeldinga blir gjennomført digitalt. Kvar elev kan velje 3 studium/fagområde han/ho ønskjer å høyre meir om. Vidaregåande skular og folkehøgskular må på førehand melde seg på ein av dagane for arrangementet.
Meir informasjon om det den digitale organiseringa kjem snart. Det vert sendt ut invitasjon til den enkelte vidaregåande skule som tidlegare.

Ta kontakt med prosjektkoordinator Torill Engeseth for spørsmål, e-post torillen@hivolda.no, mob. 45806705
 

Del på: