
Anders Aanes
Institutt for språk og litteratur
Høgskulelektor
Fagområde
Eg er språkvitar med lang fartstid frå museumsorganisasjonen Nynorsk kultursentrum (2008-2020). I tillegg har eg arbeidd ein periode som lokalavisjournalist.
Eg har særleg interesse for retorikk, diskursanalyse, nynorsk skriftkultur, nyare språkhistorie, språknormer og språksosiologi.
Frå 2019 til 2022 var eg engasjert i forskingsprosjektet Fogderifylket Møre og Romsdal – eit forestilt fellesskap? Identitet i eit grenseland.
Frå 2015 til 2018 var eg involvert i forskingsprosjektet Museum som minnepolitiske institusjonar, med støtte frå Kulturrådet. Eg granska då vilkåra for forsking i musea kring Bjørnsonåret 2010, og publiserte ein artikkel i boka Forfattarens skrifstader. Litterære museum i norsk minnepolitikk (red. Ottar Grepstad 2018) saman med Stein Arnold Hevrøy.
Eg er emneansvarleg for NO112S/NO102N Språket som kultur, der eg underviser i sosiolingvistikk, pragmatikk og tekstteori. Eg underviser dessutan i morfologi og semantikk i haustemnet NO111S/NO101N Språket som struktur.
English:
Anders Aanes: Lecturer and PhD candidate in Norwegian/Nordic linguistics at Volda University College since 2020. My academic/research interests include rhetoric, discourse analysis, Nynorsk written culture, modern language history, language norms, and sociolinguistics.
My PhD project is focused on rhetorical strategies in the Nynorsk language movement in the late 1960s and 1970s.
I have a background in journalism as well as extensive organizational experience from the museum Nynorsk kultursentrum (2008–2020). Moreover, I have participated in research projects on regional identity and the role of museums in cultural memory.
Currently, I teach sociolinguistics, pragmatics, rhetoric, morphology and semantics, primarily on the Norwegian (Nordic) year course.
Utdanning og kurs
2002/2003: Årsstudium i norsk (nordisk), Høgskulen i Volda
2003-2005: Bachelor i journalistikk, spesialisering i avis, Høgskulen i Volda
2006-2010: Mastergraden i nynorsk skriftkultur. Masteroppgåve: Forvirring eller frigjering? Didaktikk og valfridom i nynorsk. Ei gransking av kjennskap og haldningar til valfridom ved fire vidaregåande skular i Møre og Romsdal (rettleiar Helge Sandøy)
2023: HPE207 Pedagogisk basiskompetanse, Høgskulen i Volda
2024: HPE210 Engelsk for akademiske formål
2025: HPE206 Rettleiing for mastergradsstudentar
2025: DRUSK901 Utdanning, språk og kultur (profilemne for ph.d.-utdanning HVO)
Doktorgradsprosjekt/ph.d.
I ph.d.-prosjektet mitt ser eg nærare på folkemålslinja/dialektlinja i målrørsla, primært på slutten av 1960- og 1970-talet, og undersøkjer retoriske vilkår og strategiar i denne brytningstida då dialektar vart vektlagde i endå større grad i argumentasjonen for nynorsk. Sjølv om dialektane har vore fundamentet for nynorsken heile vegen, er det rimeleg å seie at det i den aktuelle tidsperioden utvikla seg ein talemålsideologi som endra nynorskdiskursen og måten ein argumenterte for nynorsk.
Rettleiar for prosjektet er Gudrun Kløve Juuhl (HVO). Medrettleiar er Eli Bjørhusdal (HVL).
Verv
Eg sit i styret i Forskerforbundet ved Høgskulen i Volda.
Tidlegare verv
I perioden 2021-2023 var eg seksjonsleiar for Ivar Aasen-seksjonen for språk, litteratur og kultur. I same perioden var eg studieprogramansvarleg for Bachelor i språk og litteratur.
Vitskapeleg arbeid
CRIStin
Vitskaplege artiklar og bokkapittel
Jakta på det nynorske
Publisert 2018 av Anders Aanes
Når det gjeld å skilje seg ut
Publisert 2015 av Anders Aanes
Nynorsk i Romsdal
Publisert 2013 av Anders Aanes
Ivar Aasen På Solnør
Publisert 2013 av Anders Aanes
Anna
Å argumentere i ein språkdelt region
Publisert 2022 av Anders Aanes
Dei norske folkebiblioteka – språkpolitiske aktørar? Ei gransking av språkpolitisk praksis i folkebiblioteka, med vekt på nynorsk
Publisert 2022 av Fredrik Hope, Anders Aanes
Publisher: Høgskulen i Volda
Nynorsk vinyl. Songskatten i rillene
Publisert 2019 av Anders Aanes
Innanfrå, utanfrå. Carl Frode Tillers litterære metode
Publisert 2019 av Anders Aanes
Eg er. Ei utstilling om språk og identitet
Publisert 2018 av Anders Aanes
Jubileum, forsking og minnepolitikk. Museumsforsking i samband med Bjørnson-året 2010.
Publisert 2018 av Stein Arnold Hevrøy, Anders Aanes
Sannare enn røynda?
Publisert 2016 av Anders Aanes
Menneske og språk på vandring
Publisert 2016 av Anders Aanes
Språk til sals! Ei utstilling om reklamespråket
Publisert 2015 av Anders Aanes
Makta i språket. Ei utstilling om språk, makt og demokrati
Publisert 2014 av Anders Aanes
Språksamlaren Ivar Aasen 1813-1896
Publisert 2013 av Anders Aanes
Kryssord og magi. Songlyrikk frå Bob Dylan til Arne Moslåtten
Publisert 2012 av Anders Aanes
Hjarteklapp. Ung forelsking og kjærleik
Publisert 2011 av Anders Aanes
Ordets sølvsmedkunstnar. Elias Blix 1836-1902
Publisert 2011 av Anders Aanes
Forvirring eller frigjering? Didaktikk og valfridom i nynorsk. Ei gransking av kjennskap og haldningar til valfridom ved fire vidaregåande skular i Møre og Romsdal
Publisert 2010 av Anders Aanes
Publisher: Høgskulen i Volda
Kort sagt, stort tenkt. Ei utstilling om noveller
Publisert 2010 av Anders Aanes
Valfridom i nynorsk - eit problem for eleven?
Publisert 2009 av Anders Aanes
Kunsten i livet. Diktaren Jon Fosse
Publisert 2009 av Anders Aanes
Det usynlege språket. Omsetjing og gjendikting
Publisert 2008 av Anders Aanes