Voldastudent med premierefilm på BIFF 2009

Espen Faugstad går første året på Bachelorgradsstudiet i Media, IKT og design ved Høgskulen i Volda og får sin debutfilm vist under Bergen internasjonale filmfestival 2009 (BIFF). I den 60 minutt lange dokumentarfilmen blir vi kjende med barneheimen Nsumba, stiftinga BCFS og den ugandiske familien Kaweke.

3a67f96a6217cb02fd7e8a14497012d8ed733514

Media, IKT og designstudent Espen Faugstad frå Bergen bestemmer seg plutseleg for å reise til Uganda saman med kameraten Eivind Nilsen. Dei vil følgje barneheimen Nsumba, som er sponsa av den bergenske stiftinga Bring Children From Streets (BCFS), som dei kjenner frå før.

No har dei to kameratane dokumentert opplevingane sine i den 60 minutt lange filmen "Bring Children From Streets", som skal ha to framsyningar på Bergen internasjonale filmfestival 2009 (BIFF) den 23. og 26. oktober.

Dei to har mange jern i elden, og har saman stifta selskapet Bildevisjon for å gjere alvor av film- og medieinteressa. Det har etter kvart vakse fram fleire fine prosjekt. Les om dokumentarfilmprosjekta og mykje meir på nettsida deira. da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Les omtale av dokumentarfilmen på BIFF sine heimesider.da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b

Del på: