Volda Studentradio inviterer til teknikk- og radiokurs
Onsdag første februar arrangerer Volda Studentradio teknikk- og radiokurs for alle interesserte. – Det mest morosame av alt er å lage god radio. Difor har me i år snikra saman eit opplegg der alle som vil kan lære det dei treng om radio, seier nestleiar i Volda Studentradio Torbjørn Selseng.
Selseng kan også fortelje at studentradioen vil sende «live» frå kantina i Berte Kanutte-huset måndag 30. januar frå kl. 1300.

– Eg vil oppmode alle til å kome og sjå korleis me lagar radio i BK-kantina måndag 30. januar. Her kan ein også melde seg på teknikk- og radiokurset, seier Torbjørn Selseng.
Teknikk- og radiokurs
Onsdag 1. februar kl. 1600
Aasen-auditoriet
Nye og gamle studentradiofjes hjarteleg velkomne.
Om du var i tvil – jau, det vert servert pizza.





