Volda-ordførar helsa ungdomen

–Følg hjartet ditt! Følg talentet ditt! Med desse orda helste Volda-ordføraren Arild Iversen elevar frå vidaregåande skular på Søre Sunnmøre og Nordfjord lukke til med val av framtidig utdanningsveg og karriere. Utdanningsdagane ved Høgskulen i Volda har invitert nærare 800 elevar frå regionen.

1cf851e3f2c6c7bd434b55295500e8b506f8dd32

Volda-ordførar Arild Iversen

– Vi vil hjelpe elevane med å gjere dei rette vala, og gje god informasjon om dei moglegheitene dei har. Overgangen frå vidaregåande opplæring til høgare utdanning er ofte lettare i distrikta enn på dei store universiteta i byane, seier utdanningsrettleiar Torill Engeseth.

Høgskulen i Volda, Høgskolen i Molde og Høgskolen i Ålesund tek eit krafttak for å pirre nysgjerrigheita til komande studentar.

– Vi ønskjer at elevane vert betre budd til utdanningsval. Med eit slikt tiltak vonar høgskulane også å bidra til mindre fråflytting frå regionen, og at fleire ungdomar vel å bli i Møre og Romsdal, både under utdanning og seinare i arbeidslivet, fortel marknadskoordinator Eirik Bech.

907664bdfa0923e41599e934558467e5e0c37d38

Elevar frå vidaregåande skular samla seg i Berte Kanutte-huset

827f0409b6e293059cf29294435cf342cbca47d6

 Elevar lyttar interessert på råda frå ordførar Iversen

f0585bb19b77c8d4a0900d77fde57416ed6b9c19

Studentar ved musikk opna Utdanningsdagane 2011.

Del på: