Vil gjennomføre dokumentasjonskontroll
Som student er du sjølv ansvarleg for at innsendt/opplasta dokumentasjon er riktig. I løpet av veke 39 vil eit tilfeldig utval studentar bli plukka ut til å måtte førevise originale vitnemål og attestar.
Dokumentasjonskontrollen er eit nasjonalt tiltak, og dei som vert plukka ut blir nærare kontakta av Studieadministrasjonen ved høgskulen, som vil gjennomføre kontrollen og det tilfeldige utplukket.
Les meir om innsending av dokumentasjon her.





