Vil du vere med i Peikestokken? Infomøte i morgon!
I morgon held Peikestokken møte i redaksjonslokala i Aasen-huset kl. 17.00 for å setje i gong årets avisredaksjon. Alle studentar frå alle studium, både norske og internasjonale, er velkomne til å vere med. - Vi treng folk til foto, skriving, layout, økonomi, internett og mykje meir, melder Hilda Nyfløt i redaksjonen.
– De treng ikkje særskilde forkunnskapar for å vere med, seier Hilda.
Det er om å gjere at så mange som mogleg kjem, for vi har stillingar for ein kvar smak. Det skal også veljast nytt styre.
Vi treng mellom anna:
- Fotografar
- Journalistar
- Layoutdesignarar
- Vevansvarlege
- Økonomifolk
- m.m.
Møt opp og sjå kva det går ut på!





