Vi sløkkjer lyset for klimaet!

Laurdag 28. mars kl. 20.30 skal over ein milliard menneske verda over sløkkje lyset i ein time for klimaet gjennom kampanjen Earth Hour. Høgskulen i Volda vil saman med NRK og mange andre offentlege institusjonar ta del i kampanjen. Alle studentar og tilsette må hugse å slå av datamaskiner, lys og anna når dei forlét høgskulebygningane.

– Høgskulen i Volda har automatisk lysstyring i alle fellesareal, i tillegg til at vaktselskapet sløkkjer lys på sine inspeksjonsrundar kveldane, melder informasjonskontoret.

– I tillegg minner vi no alle studentar og tilsette om å sløkkje datamaskiner og anna elektrisk utstyr når dei tek helg.

Verdsomspennande kampanje

Over 80 land er involvert i Earth Hour allereie, og 930 byar har så langt meldt seg på. Eiffeltårnet i Paris, Kristusstatuen i Rio og Operaen i Sydney er noko av det som vil vert mørklagt.

Et signal til verdas leiarar

Når ein milliard menneske sløkkjer lyset for klimaet, sender det eit felles, globalt og svært visuelt signal til verdas leiarar om å vise ansvar og få ein bindande klimaavtale i det internasjonale klimamøtet i København seinare i år.
Samtidig vert Earth Hour ei påminning til store og små om samanhengen mellom klimautfordring og energibruk.

Earthhour.no

Grønn Hverdag tilbyr gratis SMS med påminning om å sløkkje lyset. Registrering for å ta i mot melding skjer anten på nett eller ved å sende kodeord EH til 2242.

Påminninga kan sendast ut mellom kl.18.00 og 20.00 same kveld.

Du kan også:


Del på: