Verdsberømt gjesteforeleser på drama/teater
Denne veka er studentane ved bachelor i drama/teater ved Høgskulen i Volda så heldige at dei får ein fire dagar lang workshop med den russiske teaterregissøren Vladimir Bouchler.
Studentane skal arbeide med den realistiske skodespelarteknikken og dramatikaren Tsjekhov denne veka, og har på førehand jobba med «Tre Søstre». – Å få ein gjesteforelesar med så mykje erfaring innan teaterkunsten er eit stort høgdepunkt for studentane, seier seksjonsleiar Vibeke Preus Bech, som gler seg til og sjå kva studentane vil syne fram på torsdag.
Han er utdanna både skodespelar og regissør i Moskva, men har etter Sovjetunionens fall budd og arbeida med hovudbase i Brüssel. Han har mellom anna vore gjesteforelesar på KHiO (Teaterhøgskulen i Oslo) og Teaterhøjskolen i Danmark, satt opp teaterframsyningar i Malaysia, Scotland, Belgia, England og mange andre land. Han har og arbeid som filmregissør, med Emma Thompson og Keanu Reeves med fleire. Denne veka er han altså i Volda og jobbar med studentane i drama og teater.

For meir informasjon kontakt
Vibeke Preus Bech
Høgskolelektor i drama/teater ved Høgskulen i Volda
Tlf: 70 07 52 54
E-post: vibekepb@hivolda.no
Linker til informasjon om Vladimir Bouchler:
http://en.wikipedia.org/wiki/Vladimir_Bouchler
http://www.vladimirbouchler.com/





