Velferdsundersøking – vinn ein iPad
Denne undersøkinga er eit initiativ frå Læringsmiljøutvalet (LMU) og Studenttinget ved Høgskulen i Volda (STiV). Formålet med undersøkinga er å skape eit grunnlag for å betre læringsmiljøet ved høgskulen.
Undersøkinga tek for seg eit breitt felt, frå inneklima og forelesingar, til korleis du har det i fritida. For å få eit godt grunnlag for å sjå kva som bør betrast, treng vi at mange svarar på undersøkinga. Sett av nokre minutt slik at du kan ha innverknad på studiekvardagen din! Vi trekk ut ein av dei som svarar, og den heldige vinnaren får ein iPad.
Meir informasjon om STiV finn du her





