Unik eksamensutstilling og ny blogg om verdsarven

I det nye studiet World Heritage – Geirangerfjord, presenterer norske og utanlandske studentar spennande og alternative eksamensformer. Anne Birgit Aga and Gwen Nickolaychuk er to av kandidatane som har ei eiga eksamensutstilling der dei spør om du bryr deg om verdsarven.


f974b85d346e9159ea9f864541d43afc600e9585

Verdarvstudiet ved Høgskulen i Volda baserer seg på naturen og kulturen i verdsarvområdet, og gir kompetanse i natur- og kulturformidling.

– Dette er det første studiet i landet som kombinerer friluftsliv, erfaringslæring og mediefag, seier studieleiar Helga Synnevåg Løvoll.
Utstillinga ”Heritage - Around us” er ein unik måte å presentere flotte bilete av verdsarv på, samstundes som studentane får formidle spørsmålet om folk bryr seg om denne verdsarven.
Studentane spør: who cares? og svarar med bilete av nokon som bryr seg. Så kjem spørsmålet om DU bryr deg.
Utstillinga står i glasmonterar i Berte Kanutte-huset ut denne veka.

d9fb4dfa427982630bbddd45df91b5cb54fde428

Eigen blogg

Eit anna døme på studentarbeid er bloggen www.hivolda.no/worldheritageblog da50fbb5df4d7aa0a375c92dd3b50b58adc7877b
Denne viser ein del av dei erfaringane og opplevingane som dei norske og internasjonale studentane hadde gjennom studiet denne hausten.

– Høgskolen har hatt stor interesse frå personar innan fagområda reiseliv, museumsfag, friluftsliv og undervising.

– Verdensarvstudiet passar for alle som driv med formidling i eit natur- og kulturlandskap, alt frå lærarar og museumspedagogar til reiseliv og journalistikk, seier Løvoll.

Du kan lese mer om studiet i studiekatalogen: World Heritage - Geirangerfjord 
Read more at www.hivolda.no/worldheritage

84fc536b4394388a2eab7c60c10bfc09ab5a320e

2f27ea63a3eb1555340ef9a2646eeadd645ef5ec

Del på: