Takkar for fagleg inspirasjon og tryggleik

Anestesilækjar Rune Heggedal ved sjukehuset i Volda er den første mottakaren av Legeforeningens leiarskapspris.– Eg vil takke professor Roar Amdam og kollegaene hans ved Høgskulen i Volda for den inspirasjonen og faglege tryggleiken dei gav meg under studiet i offentleg leiing og administrasjon. Inspirasjon og tryggleik som også har senka terskelen for å ytre seg i det offentlege rommet, seier Heggedal.

Les intervju med Rune Heggedal i Legeforeningens tidsskrift.

Søkinga til einskilde emne i Mastergraden i samfunnsplanlegging og leiing no er rekordstor. Over 50 studentar har begynt på eit av dei obligatoriske emna i haust (IPA301 Regional planlegging og utvikling).

Les meir om studiet.

Del på: