Swansea - eit eventyr for ein utvekslingsstudent
Noko av det beste med året mitt i Swansea, er alle dei nye vennene eg fekk. Samtidig utvikla eg meg mykje reint fagleg innanfor grafisk design. Opplevinga av å ha budd i Storbritannia er også positiv, og språket sit mykje betre no.Eg anbefalar alle å vurdere utanlandsopphald, og kanskje kan Swansea vere noko for deg, seier Eirik Torheim Gilje entusiastisk.

Tidlegare medie-student Eirik Torheim Gilje har vore på utveksling til vår gode samarbeidspartnar "Swansea Metropolitan University" i Swansea, Wales i to semester. Neste gong er det kanskje nett deg som dreg dit?
La deg gjerne freiste etter å ha lese hans rapport!





