StudiebygdA søkjer etter prosjektleiar

Volda kommune har i samband med Kommunal- og regionaldepartementet fått midlar til prosjektet StudiebygdA – kompetanse og kulturklynga på Møre. StudiebygdA skal styrke Volda og regionen si evne til rekruttering og utvikling av kompetanse, ved å bygge kulturell og sosial integrasjon og soleis medverke til å styrke regionen si berekraft. No treng dei ein dugande prosjektleiar.

Oppmodar folk om å søkje

Høgskulen i Volda er ein viktig aktør i StudiebygdA Volda: Høgskulen har i dag over 4000 aktive studentar. Om lag 1800 bur i Volda.

– Eg oppmodar folk om å søkje eller tipse engasjerte og flinke studentar, tidlegare studentar og andre dugande folk om at dei kan melde seg i konkurransen om ein spennande, lærerik og viktig jobb, seier rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

f1740ec2e7b2187b699019842300e9ada6335216

Rektor Per Halse.

Meir informasjon:

Utlysing

Del på: