Studentsamskipnaden på Facebook

Studentsamskipnaden har fått eigen profil på Facebook. Her kan du følgje med på nyhende, gi tilbakemeldingar eller stille spørsmål. - Facebook er mykje brukt av studentar i heile verda, og vil truleg vere ein viktig kommunikasjonskanal i tida framover, seier informasjonskonsulent Marthe Alnes i SfS.

SfS er ein service- og velferdsorganisasjon for alle studentar i Volda. Dei driv bustadutleige, bokhandel, kantine, barnehage, studenthuset Rokken, psykologisk helseteneste, hytte- og båtutleige. I tillegg støttar dei velferdstiltak mellom studentane.

Studentsamskipnaden er viktig for deg som student, og arbeider for at din studiesituasjon er så trygg og effektiv som mogleg. SfS treng derfor di tilbakemelding for å vite kva som er bra og kva som kan gjerast betre

For meir informasjon sjå www.studentsamskipnaden.no

Følg Studentsamskipnaden for Sunnmøre på Facebook!

Del på: