Studentguiden kjem ikkje i år!

Studentguiden vil ikkje lenger vere i produksjon hos Studentsamskipnaden, og dermed vil skuleåret 09/10 vere siste papirutgåva.

– Vi ser at andre kanalar (jf. sosiale media) har teke over det som var målet med Studentguiden, og salstala har vore tilsvarande låge dei siste åra. Avgjersla om ikkje å produsere guiden har vore tema på møte i Studenttinget og leiarmøte ved HVO. Vi håper derimot at ein elektronisk base over tilsette og studentar etter kvart kan vere ei betre løysing med tanke på ressursbruk og behov, seier informasjonskonsulent Marthe Alnes i SfS.

Dersom nokon har tilbakemeldingar kan dei rettast til Marthe Alnes i SfS, marthea@hivolda.no

Del på: