Studentar i Media, IKT og design streamer LEGO-league
Studentane ved Bachelorgradsstudiet i Media, IKT og Design ved Høgskulen i Volda skal filme arrangementet First Lego League i Ålesund denne helga. Arrangementet vert sendt direkte på internett, og ein kan følgje med på midlabs.no.

Studentar ved Media, IKT og design-studiet i MID-labben på Høgskulen i Volda
– First Lego League er eit verdsomspennande arrangement der barn frå 11-16 år utfordrar seg sjølve og skulekvardagen ved å løyse ulike verdsproblem, melder Elise Årdal, som er prosjektleiar i studentgruppa.
– Ei av oppgåvene er å konkurrere med legorobotar. Ålesund er ein av mange stadar rundt om i landet som arrangerar dette i helga.
Studentane i Media, IKT og design filmar robotkonkurransen i Ålesund for tredje året på rad. Tidlegare år har dei også vore i Bergen og Gjøvik.
FØLG LIVE STREAM PÅ www.midlabs.no/fll
| Følg studentene på Twitter @FLL_MID ![]()
Gå til First Lego League sine heimesider ![]()






