Studentar laga World Cup-TV i Vikersund

I helga var det FIS World Cup skiflyging i Vikersund. Journalistikkstudentar var engasjerte til å vere reportasjeteam der publikum, arrangementet og sporten skulle dekkjast. – Høgskulen i Volda er privilegert som får vere med på prosjekt som dette. Studentane får delta i alt som skjer, og det er god læring, seier høgskulelektor Inger Knude Larsen.

Praksis er ein viktig del av journalistikkstudiet. På kvar sine felt var studentane med som viktige bidrag til World Cup-arrangementet i helga, og dei jobba med både web- og tv-produksjonar.

Det var i alt åtte HVO-studentar i Vikersund, og arrangementet var ein del av treninga i journalistikk før dei skal ut i åtte vekers ekstern praksis, dei fleste i TV2.  

– Det er ei kjempe moglegheit for studentane å få høve til  vere med på produksjonar og sendingar som i Vikersund. Det skjer mykje heile tida og dei får virkelege utfordringar, seier Knude Larsen.


Sjekk ut www.vikersund.no og videoane som er produsert under World Cupen i helga.


d42185bf2c0ee1cb8c2f9e0e0f0767f0b3cffcda

Her er gjengen av voldastudentar samla til gruppebilete framfor den kjende Vikersund-bakken (Foto: Ola S, Niemann)


Del på: