Studentar kursa i fjellvett

Naturen på Sunnmøre kan gje fantastiske naturopplevingar, men kan og vere farleg om ein tek unødige sjansar. Høgskulen, Natura og STiV inviterte studentar med på sikkerheitsseminar med fokus på korleis ein kan ferdast tryggare i fjellet.

– Når studentar kjem til Sunnmøre frå område med lite fjell, veit dei ikkje heilt kva dei møter, seier Ingrid Børretzen frå Natura, studentane sin friluftsliv-organisasjon på Høgskulen i Volda.

– For at studentane skal kunne utnytte dei flotte friluftslivtilhøva på tryggast mogleg måte, ynskjer høgskulen i nært samarbeid med Natura og STiV å nå flest mogleg studentar med informasjon om ein del av dei risikofaktorane ein har i området. Høgskulen ligg i eit unikt område med fjord og fjell, og med fantastiske moglegheiter for friluftsliv både ved kysten og i alpine fjellområde. Nettopp derfor er det behov for eit slikt opplegg, seier Børretzen.

Les artikkelen "Studentar kursa i fjellvett" på smp.no i dag.

Del på: