Stemte og vann

I samband med val av studentrepresentantar til høgskulestyret, skulle det trekkast ut ein iPad 2 i premie dersom 100 studentar stemte. Meir enn 130 studentar gav si stemme, og måndag kunne ein glad Thomas Andre Olsen ta i mot premien frå leiar i valstyret, Per Johan Ramsli.

– Dette var veldig hyggelig, fortel ein glad vinnar. Han fortel at premien ikkje var årsaka til at han stemte. – Eg trudde ikkje sjansen for å vinne var så stor, så at eg vant var berre rein bonus. Eg synest eg måtte gjere plikta mi og bruke stemmeretten min. I tillegg synest eg det er kult å engasjere seg, fortel han.

a0f5c9526d0ae2d8882646071bf728cdf7244cb4
GLAD VINNAR: Førskulelærarstudent Thomas Andre Olsen fekk tildelt premien av leiar i valstyret, Per Johan Ramsli. (FOTO: Birgitte Bøen)

Sjølv har han tidlegare vore tillitsvald og nektar ikkje for at han kanskje sjølv stiller til val ein gong.
– Det står att å sjå, men eg synest det er viktig å vere engasjert, forklarar han.

Det var ein nøgd Ramsli som kunne overrekke premien.
– Det er svært positivt at rekordange studentar gav si stemme og at det også var så mange nominerte kandidatar.

Del på: