Sommar-stenging av studentkort
Frå og med måndag 20.06.2011 vert alle studentkorta stengde, og dei vil difor ikkje lenger gi tilgang til fasilitetane på høgskulen. Dette gjeld også dei som er studentar ved høgskulen over ei lengre periode (bachelor- og masterstudentar). Korta til fleirårsstudentar opnar att ved semesterstart i midten av august.
Det er ei årleg rutine at alle studentkort vert stengde ved semesterslutt. Dei studentane som har behov for tilgang til lesesalar, klasserom eller datarom pga. studierelaterte behov i ferien, må vende seg til faglærar. Faglærar/avdelinga melder deretter frå til Leif Roar Strand, med stadfesting om at det er eit studierelatert behov.





