Skambankt-konsert på Rust

Fredag 2. Oktober klokka 21.00 opnar dørene på Rust Club & Scene, og på innsida ventar Skambankt, eit band som er I ferd med å befeste sin posisjon som det siste store norske punkbandet. Det hardtslåande jærenskvartetten gjestar Ørsta for fyrste gong, og inviterer alle studentar på fest!

14dfb8e0373b61a43dc2ffcd62228d3ba14b33e9

Med gitarist og frontfigur Terje Winterstø Røthing i spissen, som ein kanskje kjenner bedre som gitarist I Kaizers Orchestra, hadde Jærensbandet sin spede oppstart på midten av 90-talet. Dei var ikkje aktuelle før I 2003, då dei slapp den sjøltitulerte debutplata "Skambankt", som vart fulgt av "Eliksir" I 2007.

I kjølvatnet av "Eliksir" har bandet turnert store delar av Skandinavia, besøkt brorparten av dei store norske festivalane, varma opp for AC/DC på Valle Hovin og spelt for fleire tusen menneske på Roskildefestivalen I Danmark.

I januar I år kom det siste albumet, "Hardt Regn", og det er dette albumet som I hovudsak skal presenterast for publikummet i Ørsta.

Les meir på www.orstarock.no

Ørsta Rock er ein interesseorganisasjon og Rockeklubb som arbeider for tilrettelegging for både publikum og utøvande musikarar innan sjangeren rock i Ørsta-regionen. Foreininga arbeider for å få i orden eit tilbod om øvingslokale for lokale band, og for å få halde arrangement der lokale musikarar får framføre for eit publikum. Ørsta Rock arrangerer Spon RockFestival på årleg basis, I tillegg til enkeltståande konsertar med det mål å auke interessa for, og byggje miljøet for Rock og lignande stilartar på Søre Sunnmøre."

Del på: