Sjå direkteoverføring frå temadag om terroråtaket 22. juli 2011

Studentar frå Media, IKT og design sender direkte frå dagens arrangamentet på Forskingsdagane. Svein Brurås startar dagen med eit foredrag om media si rolle og funksjon i tolkinga av åtaket. I tillegg kjem Tommy Gulliksen, regissør av ein dokumentartrilogi om Utøya-åtaket.

Etter filmsyninga vil Steinar Høydal, Svein Brurås og Henrik Bastiansen, frå Avdeling for mediefag, intervjue Gulliksen om dei etiske sidene ved å lage dokumentar om ein slik tragedie, og om dei praktiske utfordringane det inneber.

Program
11.00: Foredrag ved Svein Brurås
12.25: Presentasjon og syning av film, og intervju

Direkte frå klokka 11
Du kan følgje direktesendinga frå klokka 11 på denne linken: http://www.hivolda.no/nyn/hivolda/forsking-og-utvikling/forskingsdagane-1/streaming 

Del på: