Rekordmange studentar ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Studiedirektør Gonnie Smit (til venstre) og direktør Karen Lomeland Jacobsen. Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.

Smit og Jacobsen er jublande glade over det høge talet studentar. - Høgskulen i Volda har aldri tidlegare hatt over 4.000 studentar så dette er ein merkedag, seier Gonni Smit. Ho fortel at det er framgang i tal studentar på stort sett alle avdelingar og studium. Ei viktig årsak til auken i talet på studentar er at det er spesielt mange studentar på vidare- og etterutdanningskurs for lærar og for tilsette i mediebransjen. Først etter at desse tilboda kom skikkeleg i gang vart det klart kor mange studentar som faktisk tok desse studia, og det er forklaringa på at talet på studentar har vorte klart først no ut i oktober og altså vart klart høgare enn venta. 

Gode og relevante utdanningar

Direktør Karen Lomeland Jacobsen seier det er kjekt og viktig for høgskulen å få slike hygglige tal på bordet. - Mange studentar viser at vi har gode og relevante utdanningar for studentar i regionen og resten av landet. Men Møre og Romsdal fylke er framleis eit fylke med eit lågt utdanningsnivå i høve til resten av landet, så vi har mykje å gå på. 

Mangfald av studieformer

Det er ca 600 masterstudentar ved høgskulen, også dette er rekordmange. Høgskulen har ca 250 internasjonale studentar.  

Sjølv om det er rekordmange studentar ved Høgskulen i Volda så betyr ikkje dette at alle dei over 4000 studentane er å sjå på Høgskulen til dagleg. - Også i 2017 er det slik at dei fleste studentane våre bur på hybel i Volda og får si undervisning på Høgskulen. Men vi har fått så mange andre måtar å studere på i tilllegg. Mange har undervisning på arbeidsplassen sin. Mange studentar dagpendlar frå nabokommunane, somme ser vi berre som nettstudentar og atter andre går på studium som er ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar i Volda, fortel studiedirektør Gonnie Smit. - Vi har over 500 ulike emne og ønskjer å gje tilbod som møter studentane på den måten som passar best for dei å studere, seier Smit. 

Studentar ved Høgskulen i Volda (2013-2017)
  
 
2013
2014
2015
2016
2017
Studentar 
3.891
3.704
3.998
3.848
4.184

Pressebilde:
Studiedirektør Gonnie Smit og høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen. Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.
Studentar ved Høgskulen i Volda ved studiestart hausten 2017. Foto: Tone Solhaug, Høgskulen i Volda.

Del på