Raga Rockers til Rokken fredag 26. mars

1. mars i år slapp det norske punkrockbandet Raga Rockers sitt ellevte studioalbum, "Shit Happens". Bandet starta å turnere med den nye plata 5. mars, og fredag 26. mars entrar dei scena på Rokken.

Tekst: Eivind Nilsen

Bandet blei grunnlagt av vokalist Michael Krohn i 1982, og har stått på sidan den gong, med låtar som ”Når knoklene blir til gele” og ”Noen å hate”. Michael Krohn skil seg ut med den mørke stemma si, og med karakteristiske melodiar og tekstar. Raga Rockers er skildra som eit av dei fire store banda innan norsk rock, i selskap med deLillos, DumDum Boys og Jokke & Valentinerne.

Saman med bandkompisane Livio Aiello, Eivind Staxrud, Hugo Alvarstein, Arne Sæther og Jan Arne Kristiansen leverer Michael Krohn no eit litt meir laidback, men samtidig fullverdig rockealbum. Bandet kan tilby både nye hits og gamle klassikarar på den kommande konserten, som absolutt er verdt å få med seg.

Dørene opnar klokka 21.00
Pris: 250/300

d44930f072b9b4835b6485ca93597dd7a64ffa38

Link til pressebilde:
http://www.ragarockers.no/Presse.aspx

Ta gjerne kontakt for meir informasjon!
Kontaktperson: Grete Aronsen Husebø
Telefon: 46697805 – PR@rokken.no

Del på: