Prøveførelesingar for mastergradsstudentar i nynorsk skriftkultur

Studentane på Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur får eit tverrfagleg og komparativt innsyn i kva skriftkultur er, og korleis skrift og kultur er knytte saman. Hjalmar Eiksund og Anders Aanes brukar ulike fagdisiplinar i sine mastergradsavhandlingar.

Torsdag denne veka arrangerer Ivar Aasen-instituttet to opne prøveførelesingar i samband med deira avsluttande eksamen.

Tid: Torsdag 17. juni.
Stad: Hans Strøm-huset, rom 245.

Kl. 12.00:
Den nynorske identiteten i lys av det generelle forholdet mellom språk og identitet ved Hjalmar Eiksund.

Kl. 13.00:
Språknormering i Noreg etter 1945 i lys av generelle prinsipp for språkstandardisering ved Anders Aanes.


Ivar Aasen-instituttet ynskjer alle vel møtt.

Les meir om Mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur

Del på: