Programslepp for Dokfilm
Årets program byrjar å ta form. Her er dei ni fyrste filmane som er klare for festivalen, melder Kaia Johnsen Viki, informasjonsansvarleg i Den Norske Dokumentarfilmfestivalen. Dokfilm går av stabelen 28. april til 2. mai.

Til den norske delen av programmet kan festivalen røpe at Et Vakkert Liv, Fabelaktige Fiff og Fam og Strengt Hemmelig er plukka ut til å visast på vårens festival. Dette er filmar som har hausta mykje god kritikk i det norske filmmiljøet.
Videocrazy, End Of The Line, The Moon Inside You, Sergio, Mum og Spitting Ink er dei internasjonale filmane festivalen foreløpig vil gå ut med at er bekrefta.
I Videocracy blir det retta sterk kritikk mot Berlusconi og måten han styrar massemedia på. Dokumentaren vakte stor oppsikt, og vart sensurert i Italia då den kom ut. Den vart plukka ut til filmfestivalen i Toronto og Venezia.
Sergio er ein annan dokumentar som har fått gode omtalar. Her møtar vi FN-ambassadøren Sergio Vieira di Mello som reiste til Irak i trua på at han kunne løyse all verdas problem. Denne filmen har vore vist på ei rekkje festivalar, og vann pris for beste klipp under Sundance Film Festival i Utah.
Film for ein kvar smak
Dei programansvarlege har lagt stor vekt på å plukke ut varierte filmar, både i innhald og forteljarmåte.
– Me ønskjer å vise filmar som treff ulike delar av publikum, både filmentusiastane og studentane, seier Jonathan Borge Lie, som saman med Anne Silje Bø er ansvarleg for utveljinga av filmar til festivalen.
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen ![]()





