Pangaia - den internasjonale treffstaden på nett
Ved Høgskulen i Volda er vi så heldige å ha ein internasjonal treffstad i hjartet av campus, like ved kantina i Berte Kanutte huset. Treffstaden - med det velklingane namnet Pangaia - fungerer som ein heim borte frå heime for dei internasjonale studentene og er også ein møteplass mellom dei internasjonale og dei norske studentane. No har treffstaden også fått sin eigen plass på nettet.
Pangaia (eller rettare Pangea) betyr ei verd, og er ein viktig del av Internasjonalt kontor ved Høgskulen i Volda. Den daglege drifta er det ein utanlandsk student som tek seg av. I inneverande studieår er det rumenske Bianca Alece som har sin trainee arbeidsplass i Pangaia og som er med å koordinere den internasjonale aktiviteten. Ho har m.a. hovudansvaret for Internasjonal klubb. Vi har også ein tsjekkisk student på praksisplass ved Pangaia, Vojta Bednar. Saman utgjer desse to ein viktig ressurs i det internasjonale arbeider, fortel leiar av Internasjonalt kontor Cecilie Wilhelmsen.

Dersom du er nysgjerrig på kva Pangaia er for noko eller vil følgje med på aktivitetane er det berre å klikke seg inn her:
Selvsagt er Pangaia også å finne på Facebook. Er du ikkje medlem, bør du bli det:
http://www.facebook.com/group.php?gid=294661532605&ref=ts
Nettsida er laget av ei gruppe MID-studentar! Sida er heilt i støypeskjeen og det vil kome ut meir informasjon dei næraste dagane og vekene. Neste internasjonale klubbkveld er no på laurdag 20.02. kl. 19.00 på Rokken. Bli med!





