Overnatting under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
Har du eit rom eller ei seng du kan leige eller låne ut til langvegsfarande gjestar?
No er årets Dokumentarfilmfestival rett rundt hjørnet, og det blir jobba hardt med å få husa alle dei tilreisande.
Overnattingsansvarleg Margaret Bøe minner om at det kan vere ein slant å hente for dei med litt ekstra hjarterom og slunken lommebok.
Vi set eventuelle utlånarar eller utleigarar i kontakt med gjester som treng overnattingsplass.
Dei som føler kallet kan ta kontakt med ansvarleg for overnatting,
Margaret Bøe
E-post: Send e-post | Telefon: 915 55 637





