Nytt studieemne om livssyn og alternativ religiøsitet

Englar dalar ikkje ned berre i skjul lenger, slik det heiter i den gamle julesongen, men kan visstnok kontaktast både på alternativmesser og i prinsessedrivne engleskular. Emnet Livssynsmarknad og livssynsdebatt er eit studium på 15 studiepoeng og tek opp både nyreligiøsiteten og den nye ateismen.

addcadec55c9fbc048ebf93464224c87623f7b37

Faksimile frå A-magasinet nr. 15 i år (5. april 2009)

Englar dalar ikkje ned berre i skjul lenger, slik det heiter i den gamle julesongen, men kan visstnok kontaktast både på alternativmesser og i prinsessedrivne engleskular. Undrast du over dette, å skulle gjerne ha visst meir om kva for alternativreligiøse trendar og andre straumdrag som er aktuelle på livssynsmarknaden i dag, kan du no skaffa deg solide kunnskapar om dette i eit nytt fordjupingsemne ved Høgskulen i Volda våren 2010.

Emnet Livssynsmarknad og livssynsdebatt er eit studium på 15 studiepoeng og tek opp både nyreligiøsiteten og den nye ateismen. I tillegg blir kristendommen sitt møte med desse trendane studert nærare.

Emnet kan studerast både lokalt ved høgskulen og nettbasert. Det føreset årsstudium (eller grunnfag) i KRL/RLE (eller kristendomskunnskap), og er særleg aktuelt for folk som arbeider i skule, media og anna formidlingsverksemd.

For nærare opplysningar ta kontakt med:

Per M. Aadnanes, tlf.: 70 07 51 98, e-post: pma@hivolda.no
eller
Knut-Willy Sæther, tlf.: 70 07 53 40, e-post: setherk@hivolda.no

Meir info om fordjupingsstudiet

Ein detaljert emneplan med litteraturliste

Sjå liste over ledige studieplassar våren 2010

Del på: