Nytt emne om moderne amerikansk konservatisme
I vår blir det høve til å ta eit nytt emne ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur. «Modern American Conservatism in Politics and Literature» har ei likevekt av politisk historie og skjønnlitteratur, og kan også vere av interesse for studentar som ikkje studerer språk og litteratur.
Alf Tomas Tønnessen og Svenn-Arve Myklebost.
Det er forskingsinteressa til førsteamanuensis Alf Tomas Tønnessen som har danna grunnlag for det nye emnet. Han har skrive både hovudoppgåve og doktorgradsavhandling innanfor temaet høgredreiing i amerikansk politikk.
─ Emnet tar for seg forholdet mellom enkeltmenneske og staten. Frykta for kommunismen samla høgrebevegelsen etter 1945. Det skjedde ei viktig endring i sørstatane. Frå 1880-åra til ca. 1950 hadde det demokratiske partiet dominert regionen, men av ei rekkje årsaker blei sørstatane gradvis eit republikansk kjerneområde, seier Tønnessen.
Litteraturdelen av emnet har førsteamanuensis Svenn-Arve Myklebost ansvar for. Der er Ayn Rand sentral, og henna roman The Fountainhead er på pensum.
─ Rand sitt ideal var eit fullstendig fritt samfunn der det innovative, intelligente elitemennesket skulle leie samfunnet. Denne tanken finn ein representert på høgresida i republikansk politikk.
Men det er ikkje berre litteratur emnet famnar; det inneheld også film, skodespel, TV-dokumentarar og TV-seriar.
─ Vi ser at Rand sine idear eksisterer i ulike delar av samfunnet, og får ein renessanse på byrjinga av 1990-talet i Silicon Valley. Den individualismen ho sto for får ofte bryne seg på ein kollektivistisk tankegang i konservative krinsar. Vi skal prøve å dekkje heile spekteret av konservativ framvekst i USA etter 1945, avsluttar Myklebost.