Nokre ledige studentbustader

Studentsamskipnaden har hatt stor pågang i sommar frå studentar som ønskjer å leige bustad. Høgskulen har auka opptak av nye studentar, og i dag er det om lag 200 studentar på venteliste. – Neste tildeling er 3. august, og då skal alt vi har av bustader tildelast, seier bustadsjef i SfS, Bente Holvik.

5a7be1738b2a44ed062f8d932042ed7ad6f9e8e0

Studentane har ein svarfrist på sju dagar. Studentsamskipnaden forsøker i tillegg å kontakte søkjarar som har fått tildeling utan å svare. Behandlingstid på ein søknad er avhengig av antall ledige bustader, søknadar og responstid på tildeling.

 – Vi gjer sjølvsagt det vi kan for at søkjarane skal få eit svar så raskt mogleg. Vi har forståing for at det hastar no fram mot studiestart, seier Holvik.

Nokre ledige bustader
Pr. i dag er det 217 studentar  på venteliste i Volda. Bustader som ikkje er tildelte er i hovudsak hyblar/leiligheiter på Heltne (les meir om studentheimen på www.studentsamskipnaden.no)

Styret har vedteke at SfS skal ha 250 bustadeiningar i Ålesund og 450 bustadeiningar i Volda innan sommaren 2012. SfS ser fram til å kunne tilby fleire studentar på Sunnmøre eit godt og rimeleg bustadalternativ.

Meir om tilbodet og  søknad finn du på www.boligtorget.no/sfs Søkjarar  vil få tilbod etter "førstemann til mølla"-prinsippet. Du kan også lese meir om bustad i Volda på www.hivolda.no/studiestart

Del på: