Lyst å jobbe på høgskulen i sommar?

Det er ledige engasjement i fellesadministrasjonen frå mai til september, knytt til vår informasjonsteneste for søkjarar. Stillinga omfattar mellom anna ringeteneste knytt til våre førsteprioritetssøkjarar, rettleiing av søkjarar og innhenting, samordning og utsending av informasjon.

Arbeidsoppgåvene kan bli justerte etter behov, men vil vere innan informasjonskontoret og studieadministrasjonen sine arbeidsfelt.

Stillinga omfattar m.a. følgjande arbeidsfelt:
* ringeteneste knytt til våre førsteprioritetssøkjarar
* rettleiing av søkjarar
* innhenting, samordning og utsending av informasjon

Arbeidsfelt kan bli endra.

Dine faglege kvalifikasjonar:
* du har relevant høgre utdanning
* du har gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
* det er ein fordel med relevant praksis og kjennskap til høgskulesystemet

Din personlege eigenskapar:
* du liker å jobbe med menneske
* du er god til å kommunisere og samarbeide
* du er fleksibel, kreativ og løysingsorientert
* du kan arbeide sjølvstendig og i team

Vi kan tilby:
* spanande arbeidsoppgåver med stor breidde
* god arbeidsplass med fleksitid

Avhengig av kvalifikasjonar blir stillinga løna i statens lønsregulativ, lønsplan 90.103, konsulent kode 1065, LR 17 lønstrinn 30 – 46.

Vi ber om at søknaden blir sendt til gonnie@hivolda.no innan 15. april
Spørsmål kan rettast til Gonnie Smit, tlf. 70075050 / 41101024, eller Marte Alnes tlf. 70075171.

Skrive av: Studiesjef Gonnie Smit

Del på: