Levande lys, musikk og solidaritet under stjernehimmelen
I dag, 1. desember er Verdas aidsdag. Røde Kors Ungdom markerer denne dagen i heile Noreg. I Volda vert dagen markert med fakkeltog frå Røde Kors-huset kl. 19.00 til Paviljongparken, der det vert konsert og appell.
Det er FN sin aidsorganisasjon, UNAIDS, som har utpeika 1.desember som Verdas aidsdag. Målet er å synleggjer hiv og aidsepidimien, og minske stigmatisering av hivpositive.
I Volda blir dagen markert med fakkeltog, konsert og appell. Dei som står på scena er elevar frå musikklinja ved Volda Vidaregåande skule, Laurine Deline, ungar frå asylmottaket og Volda skulekorps. På Røde Kors huset vert det seld faklar, aidssløyfe og varm drikke.
– Gjennom å markere denne dagen set organisasjonar og enkeltmenneske ein av menneskeheitas største humanitære katastrofe på dagsorden. HIV, og generelt andre kjønnssjukdommar er eit tabu for mange, og noko ein ikkje snakkar om. Difor er det viktig å ta opp temaet, fortel leiar i Røde Kors Ungdom, Espen Breivik.
– Smittetala for HIV aukar i heile verda. Også i Norge er det rekordmange som får diagnosen. Røde Kors Ungdom kjemper mot HIV og aids, og jobbar for å motvirke stigmatisering av de som er hivpositive i land over heile verda. Kvart år snakkar vi med mange tusen ungdommar om deira seksuelle helse, fortel Breivik og oppfordrar store og små til å vere med på markeringa.
Les meir om Verdas aidsdag i Volda her.
Røde Kors Ungdom





