Kunstutstilling på idrettsbygget: FJES!
Kunst- og handverksstudentar ved Høgskulen i Volda har dei siste vekene arbeidd med utsmykkingsprosjekt ”Fjes” i det nyoppussa inngangspartiet til idrettsbygget, melder høgskulelektor Karen Brænne ved Institutt for kunst- og handverk.
– Studentane har måla sjølvportrett med utgangspunkt i forskjellige stilar, og kome fram til kvart sitt særprega uttrykk,. Dei har skapt ei variert utstilling med alt frå pop art til bysantinske formuttrykk.
Måleria er eit av fleire arbeid som skal vurderast til våren, ved emne Kunst – skaping og formidling. Utstillinga varer ut mars månad.
Er du i Volda, må du ta turen bort for å oppleve kunstnarspirane ved HVO. Dette må du ikkje gå glipp av, seier Brænne!
GÅ TIL GALLERI